Nyheter

Johannes Eiksund er den raskaste sprinteren i Ørsta IL friidrett på lang tid. Han sette ny personleg rekord på 100 m med 11,32 sek på Midtsommer-stevnet på Lillehammer laurdag. Tida er og ny klubbrekord på 100 m elektronisk tid. Søndagen suste han inn til endå ein personleg rekord. Han sprang 200 m på 23,30 sek. Dette er tangering av klubbrekord elektronisk tid. Resultata gav 4. plass i klassen G18/19 begge dagane.

Det var god deltaking på Midtsommer-stevnet på Stampesletta på Lillehammer. Rundt 400 utøvarar frå 90 ulike klubber deltok. 

27.06.2021
- olve.oyehaug

KM i Molde var ei god oppleving for Ørsta IL friidrett sine unge utøvarar.

Jonatan Hovden Ryste (G13) imponerte stort på KM med fleire resultat i norgestoppen akkurat no i løp. Han tok fem gull og ein sølv i distansar frå 60 m til 1500 m. Har er no nr. ein i klasse G13 i Norge på 60 m hekk. Tid 10,25 og ny personleg rekord (PR). På 60 m er han no Norges femte beste G13 etter laurdagens løp på 8,35 som er ny PR.  På 600 m sette han ny klubb/aldersrekord og PR med 1,41,52. Søndag sprang han på 27,22 på 200 m. Ny og best i Norge G13 på 200 m. Ikkje nok med det. Så gjekk han laus på 1500 m og sette ny PR 4,48,87 som er topp 8 i Norge G13. 923 Tyrvingpoeng fekk han med heim for 1500 meter-løpet. Nokre minutt etter at han var i mål på 1500 sprang han Norges raskaste 200 m hekk så langt i år på 32,96 og ny PR.

Julie Hovden Ryste (J13) viste at også ho er i landstoppen. 60 m hekk sprang ho på11,07. Ny PR og Norges fjerde beste J13 i år. Ho er no topp 3 i Norge J13 på 200 m hekk med 35,26 og topp 3 i Norge J13 på 200 m 29,28. Begge resultata er ny PR.

Ørstas raskaste mann Johannes Eiksund (G18/19) sprang inn til sesongbeste 11,49 på 100 m og fekk 976 Tyrvingpoeng for innsatsen. Søndag sprang han 200 m på 23,60 og 919 Tyrvingpoeng.

Filip Hoggen (G17) tok seg inn blant topp 10 Norge G17 i to øvingar: Nr 10 på 400 m med 56,06 og nr 9 i lengde 5,57 m. Begge resultata er nye PR.

Isak Arneson Lothe (G13) vart kretsmeister i høgde med 1,30 cm.

Thea Nilsen (J16) spesialiserer seg på kast. Ho vart kretsmeister i diskos med 23,61 m.

Jenny Hermine Bjørneset (J15) sprang 2000 m som er UM-øving J15. Ho sprang i mål på 9,04,60 og kan no berre førebu seg til å springe 2000 m i UM 2021.

Linnea Anine Høydalsnes Nes (J13) spring stadig raskare. Ho tok seg til finale på 60. Ho sprang på gode 8,91 sek.

Kristian Aarflot Årdal (G11) var stadig på pallen og tok i mot medaljar. Han vart kretsmeister i høgde med ny solid PR på 1,23 m.

Madelene Almestad (J11) er både sterk og rask. Ho tok med mange medaljar heim og vart kretsmeister i lengde, kule og liten ball. I tillegg sette ho alders/klubbrekordar. 

Ragne Øyehaug (J11) tok med seg heim tre sølv og ein bronse og fem nye PR. Gjevast var kanskje ny PR på 60 m der ho no sprang på 9,69.

Lea Johanne Asbjørnsdotter Skotte (J11) viste flott framgang og tok seg til finale på 60 m med ny solid PR på 9,75. I lengde tok ho bronse med ny PR på 3,52 m.

Dei yngste utøvarane stilte stafettlag på 4x60 m i klassen Mix 11-12 år. Der tok Ørsta sitt lag sølv med 39,77 sek.

Det vart sett tre aldersrekordar i klubben: J11: Madelene Almestad, 200 m på 32,05 og 60 m hekk på 11,25 sek. G13: Jonatan Hovden Ryste, 600 m, 1,41,52.

KM i friidrett vart arrangert på Molde idrettspark 19. og 20. juni. Det var rundt 160 utøvarar frå heile fylket. Spesielt god var deltakinga frå søre Sunnmøre. Ørsta IL friidrett stilte med 12 utøvarar i alderen 11-18 år. Dei sette til saman 32 personlege rekordar.

21.06.2021
- olve.oyehaug

Det var god deltaking på treningsstemnet/cupstemnet på Ørsta stadion. Det var flott å sjå at deltakinga i dei yngste klassane verkeleg er på veg opp igjen etter ein lang periode med redusert aktivitet p.g.a. pandemien. 

Innsatsen var topp og det vart sett mange personlege rekordar på stemnet.

Noah Digernes Merheb var dagens raskaste på både 60 meter (8,27 sek) og på 800 m (2,25,42 sek).

Trykk her for resultatliste treningsstemne

Stemnet vart arrangert i tråd med gjeldande smittevernsreglar.

15.06.2021
- olve.oyehaug

Tysdag 15. juni arrangerer Ørsta IL Treningsstemne / cupstemne på Ørsta stadion. Dette stemnet er i staden for trening denne dagen.

Øvingsutval:

  • 6-9 år: 60 m og lengde. Og liten ball dersom det vert ledig tid. (Start kl 1800)
  • 10-12 år: 60 m, 400 m, liten ball. Og lengde dersom det vert ledig tid. (Start ca kl 1830)
  • 13 år og eldre: 60 m, 400 m, 800 m, lengde (Start ca 1900)

Påmelding ved frammøte:

  • 6-9 år: Kl. 17:30
  • 10-12 år: Kl. 18:00 
  • 13 år og eldre: Kl. 18:30
  • Kr 50,- pr utøvar

Alle må vere påmelde og ferdig oppvarma seinast 15 minutt før stemnestart.

Stemnet vert arrangert i tråd med gjeldande smittevernsreglar.

 

09.06.2021
- olve.oyehaug
 
 

Ørsta IL friidrett arrangerer Landslagets friidrettsskule på Ørsta stadion måndag 16. august - onsdag 18. august 2021.

Det er plass til 60 barn på friidrettsskulen.

Friidrettsskulen er eit lokalt tilbod til barn i alderen 7-12 år.  Friidrettsskulen går over tre dagar i sommarferien. På friidrettsskulen får barn trene basisferdigheiter og prøve friidrett på ein spennande og utviklande måte prega av leik og glede.

Friidrettsskulen er i regi av Norges Friidrettsforbund. 

Påmelding: http://www.deltager.no/Landslagetsfriidrettsskole/event/orsta 

Kva: Spennande dagar i sommarferien der born møtast til gode aktivitetstilbod på dagtid.

Alder: 7-12 år

Varigheit: 3 dagar

Når: Måndag 16. august - onsdag 18. august, klokka 9-15.

Stad: Ørsta stadion

Påmeldingsfrist: 5. august 2021

Pris: Kr 750,-

Deltakargåve: T-skjorte

Antal: 60 deltakarar

Oppmøtestad: På tribunen ved tidtakarbuda på Ørsta stadion

Mat og drikke: Alle må ta med mat og drikke.

Innhald

Deltakarane vil få introduksjon til m.a. forskjellige friidrettsøvingar. Det vil bli innslag av løp, hopp, kast, samt leik for utvikling av balanse og motorikk i tillegg til ballspel og øvrige aktivitetar. Kyndige og engasjerte idrettsleiarar, ungdom som sjølve er aktive utøvarar i friidrettsgruppa, vil tilrettelegge og hjelpe borna på deira eigne premissar.

Bli med!

La barnet ditt få ei aktiv og sosial ferietid fylt med fysisk leik tilpassa alle nivå.

Ørsta IL friidrett har sidan 2012 arrangert friidrettsskulen Idrettsleikar veka før skulestart. Målet er å arrangere dette kvart år. Friidrettsskulen er for barn i alderen 7-12 år. Det har vore fullteikna kvart år, med rundt 60 deltakarar kvart år.

 

07.06.2021
- olve.oyehaug

Kalender

Mai
MTOTFLS
293012345
6789101112
13141516171819
20212223242526
272829303112

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket