Nyheter

25 ivrige utøvarar stilte til start på dagens gateløp i Ripateigane i Ørsta i dag. Løpet gjekk på asfalt og grus. 10-12-åringane sprang ca 600 meter. Dei som var eldre sprang ca 850 meter. Raskaste løpar i 600-metersløypa var Pia Flatjord Tofteland (J12) med gode 1,49,3. Raskast i den lengste løypa var Jonatan Hovden Ryste (G13) med 2,40,9.

Stemnet vart arrangert i tråd med gjeldande smittevernsreglar. Deltaking var derfor avgrensa til Ørsta IL sine utøvarar i alderen 10 år og eldre. 

Løpet var ein god start på utesesongen for friidrettsgruppa. Frå no av er treningane og stemna ute.

Trykk her for resultatliste: Gateløp 27.04.2021 resultat

27.04.2021
- olve.oyehaug

Treningstidene for våren er klare. Treningstidene er som tidlegare. Sjå sidemenyen, eller gå direkte til:

https://www.orstail.no/Friidrett/Friidrett-sidemeny/Treningstider.html

Vi har no planen klar for dei som er 8 år (2013-modellar) og eldre. Vi arbeider med planen for 6-7-åringane også.

22.04.2021
- olve.oyehaug

Ørsta IL friidrett inviterer til gateløp tysdag 27. april kl 18:00

Stad: Ripateigane - Mellom Ørsta ungdomsskule og Brødr Øyehaug. Oppmøte ved inngangspartiet til ungdomsskulen mot nord-aust (sjå kart under)

Dato: Tysdag 27. april

Klokkeslett: Kl 18:00 for 10-12 år. Kl 18:30 for 13 år og eldre

Påmelding ved frammøte kl 18:00. Påmeldinga stenger kl 18:15.

Løype: Ca 600 meter for 10-12 år. Ca 850 meter for 13 år og eldre.

Pris: Kr 50,- (Vipps ved påmelding ved frammøte. Vipps nr #103512 Ørsta Friidrett)

P.g.a. covid-19-pandemien må vi avgrense deltaking. Dei som kan delta er Ørsta IL friidrett sine medlemer. 

Tidsskjema:

* Påmelding kl 18:00. Påmeldinga stenger kl 18:15.

* Gjennomløping av løypa for 10-12 år kl 18:15.

* Løpsstart for 10-12 år kl 18:25.

* Gjennomløping av løypa for 13 år og eldre kl 18:30.

* Løpsstart for 10-12 år kl 18:45.

 

 

22.04.2021
- olve.oyehaug

Det var god deltaking og gode resultat på dei to innandørsstemna i Ørstahallen tysdag 20. april. Øvingane var lengde med tilløp og lengde utan tilløp.

Først ut var 20 deltakarar i alderen 10-12 år. Der imponerte samtlege. Det vart sett ei stor mengd med personlege rekordar. Madelene Almestad (J11) hoppa alle lengst på stemnet med gode 4,17 meter. 

Etterpå var det utøvarar i alderen 13 år og eldre som konkurrerte. Norgesmeister i spyd Elias Hovden Nilsen hoppa seg inn på 10-på-topp-lista til Ørsta IL i lengde utan tilløp med 2,97 meter. Julie Hovden Ryste (J13) imponerte stort då ho hoppa 4,82 meter og fekk 962 Tyrvingpoeng. Det vart også på det stemnet sett mange personlege rekordar.

Stemna vart arrangerte i tråd med gjeldande smittevernsreglar.

Sjå resultat frå stemna her:

2021-04-20 Resultatliste - stemne 10-12-år_1

2021-04-20 Resultatliste treningsstemne innandørs 13 år og eldre

21.04.2021
- olve.oyehaug

Frå og med 26. april vert friidrettstreningane ute. Treningstidene vert i stor grad som før. 

For 10-12 år: Tysdag og torsdag kl 18.

For 13 år og eldre: Måndag kl 17:30. Tysdag kl 18:30 og torsdag kl 18. (Vi arbeider med detaljar rundt treningstidene. Dette vert klart før 26. april.)

I første omgang er treningane for aldersgruppene 10 år og eldre.

Vi arbeider med å gjere klart for dei yngre aldresgruppene. Meir info kjem om det kjem så snart det er klart.

18.04.2021
- olve.oyehaug

Kalender

April
MTOTFLS
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293012345

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket