Nyheter

Ørsta IL friidrett sine 12 utøvarar sette 16 nye personlege rekordar og 14 nye klubb-/aldersrekordar på Sparebanken Møre leikane i Ulsteinhallen på laurdag. Det sterkaste resultatet var kanskje frå Noah Digernes Merheb (G14) som fekk 1003 Tyrvingpoeng for 200 m på 24,76 sek. Ein som imponerte igjen var Jonatan Hovden Ryste (G13) på 60 m hekk med 9,85 sek og 990 Tyrvingpoeng. Det vart åtte resultat over 900 på Tyrvingtabellen, og mange medaljar til Ørsta IL friidrett.

Nye klubbrekordar innandørs:

·      J11. Madelene Almestad: 60 m hekk (68,0) 11,53 - Kule 2 kg 8,20 m (964 p) - Høgde 1,31 m (977 p).

·      J12. Madeleine Kristoffersen: Høgde 1,24 m.

·      J12. Pia Flatjord Tofteland: 60 m hekk (76,2) 11,59 - 60 m 8,94 - 200 m 30,26 - Lengde (sone) 4,50 m (958 p).

·      G13. Jonatan Hovden Ryste: 60 m hekk (76,2) 9,85 (990 p) - 600 m 1,37,98 (909 p).

·      G14. Noah Digernes Merheb: 60 m 7,86 (970 p) - 200 m 24,76 (1003 p) - 600 m 1,36,09 - Lengde 4,98 m.

Vidare var det mange andre gode resultat: Madelene Almestad (J11) fekk 941 poeng etter eit hopp på 4,07 m i lengde (sone). Julie Hovden Ryste (J13) hoppa 4,64 m i lengde (sone) og fekk med seg 924 poeng. Julie (J13) sette ny PR på 200 m 29,39 som er klubbens 7. beste tid gjennom alle tider for kvinner på 200 m innandørs. Lea Johanne Asbjørnsdottir Skotte (J11) hoppa 3,37 m og sette ny PR i lengde (sone). Elise Aarflot (J15) sprang 60 m 8,69 som er tett bak persen på 8,65.

Rekruttane er dei som er 9 år og yngre. Klubben stilte med fire utøvarar der, og dei deltok i 60 m og lengde. I dei aldersklassane er ikkje resultata rangerte, men vi tillet oss å nemne at både innsats og resultata gjer at det blir spennande å følgje med denne gjengen vidare. Rekruttane var Peter Flatjord Tofteland (G8), Lotta Flatjord Tofteland (J8), Håkon Jarl Asbjørnson Skotte (G9) og Kristoffer Aam.

Sparebanken Møre leikane vart arrangert av Dimna IL i Ulsteinhallen laurdag 27. november. Det var deltakarar frå Møre og Romsdal og nordlege del av Vestland fylke. Størst var deltakinga i aldersgruppene 6-11 år. Det viser at det gror godt i friidretten.

28.11.2021
- olve.oyehaug

SpareBank1 Søre Sunnmøre kom med ein gåvesjekk til Ørsta IL friidrett på heile 15 000 kroner på dagens kveldsstemne på Ørsta stadion. Gåva er øyremerka nytt kastnett for slegge og diskos. Gåva er ei bonusgåve frå banken i samband med Spleisen klubben oppretta i september/oktober for å få midlar til nytt kastnett. Til saman med gåva frå SpareBank1 Søre Sunnmøre og frå gavmilde gjevarar så fekk vi inn kr 33 550,-.

Komande vår vert det nytt kastnett på stadion!   

26.10.2021
- olve.oyehaug

Lagserien vart i dag komplett på treningsstemnet på Ørsta stadion! Thea Nilsen, Jenny Hermine Bjørneset og Elise Aarflot sikra til saman seks resultat til lagserien. Ørsta IL friidrett har dermed 20 av 20 øvingar for kvinner i lagserien. Frå før hadde klubben 20 av 20 resultat i herreklassen. 

Trykk her for resultatliste frå dagens stemne.

Lagserien har tradisjonar heilt tilbake til 1950. I dag er lagserien delt inn i tre divisjonar. Resultat frå utøvarar i kvar klubb setjast saman til eit lag basert på nokre enkle reglar og prinsipp. Statuttar og detaljar om lagserien finn du her: https://www.friidrett.no/link/41720b3e899147199a611c0ab75d881b.aspx

 

26.10.2021
- olve.oyehaug

Friidrettsgruppa ønskjer velkomne til vintersesongen 2021/2022! Treningane startar første veka i november for dei som er 2012-modellar og eldre.

Treningstidene er for perioden 1. november og til slutten av april - inne i Ørstahallen, ute på overbygd løpebane og på Ørsta stadion.

For dei yngste (9 år og yngre) startar treningane opp att i slutten av april 2022.

10-12 år (2010-2012-modellar)

  • Tysdag kl 18-19: Løp, hopp, spenst (inne) - Ørstahallen - løpebana
  • Torsdag kl 18-19: Spenst, styrke (inne) - Ørstahallen - gymsal - bane 2

13 år og eldre (2009-modellar og eldre)

  • Måndag 18.00 - 19.30: Langsprint (ute) frammøte utanfor Ørstahallen (kl 19.00-19.30 er det spenst)
  • Tysdag 19.00 - 20.30: Spenst, styrke og hopp (inne) - Ørstahallen gymsal bane 1
  • Torsdag 18.00 - 19.00: Kortsprint (ute) - frammøte utanfor Ørstahallen
  • Lang- og mellomdistanse trenar saman med sprint, men med eige opplegg.

Spydseglet er klart inne i Ørstahallen. Då vert det også innandørs spydtrening.

Trenarar og hjelparar:

10-12 årsgruppa:

  • Ingrid Aarflot Ryste
  • Tone Bjørdalsbakke Saure
  • Anette Driveklepp Aam
  • Olve Øyehaug

13 år og eldre-gruppa

  • Kari Lundestad Myrold - sprint (måndag og torsdag)
  • Erik Drange Tønnessen - alle øvingar (måndag og torsdag, annankvar veke)
  • Johannes Eiksund (tysdagar)
  • N.B.! Vi tilbyr individuelt tilpassa opplegg til dei som ønskjer det.
17.10.2021
- olve.oyehaug

Treningsstemne på stadion torsdag 7. oktober: Erik Drange Tønnessen (MV) held framleis eit godt nivå i kast. På stemnet kasta han slegge 7,26 kg 28,97 m, diskos 2 kg 31,97 m og støtte kule 7,26 kg 10,19 m. Med desse tre resultata sørga Erik for at klubben fekk spikra fast 20 av 20 øvingar i Lagserien 3.div. menn og 10329 poeng (uoffisielt). Dette er ny lagserierekord i "moderne tid"! No kan ein tru på at ØIL Friidrett sitt herrelag kan plassere seg blant 20 - 30 beste 3. div.laga i Norge. Den tidlegare bestenoteringa var frå 2018 med poengsummen 9135 poeng og ein 38. plass.

(Dobbelklikk på overskrifta for å kome til bildeserie)

 

08.10.2021
- olve.oyehaug

Kalender

Mars
MTOTFLS
26272829123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket