Nyheter

Ørsta IL friidrett inviterer til treningsstemne på Ørsta stadion torsdag 7. oktober kl 18.

Øvingsutval (oppdatert utval):

Menn senior:

  Diskos, kule, slegge

Kvinner senior:

  Kule, slegge

Stemnet vert noko redusert. Løpsøvelsane og nokre av dei tekniske øvingane går ut. Vi prøver å få sett opp dei øvingane seinare.

Påmelding på MinIdrett. Påmeldingsfrist 6. oktober. Gratis.

30.09.2021
- olve.oyehaug

Ragne Øyehaug (J11) vann omvend 5-kamp på sesongavsluttinga for friidretten på Ørsta stadion torsdag 30. september.

Det er høgst utradisjonelle øvingane på den omvende 5-kampen: Rotasjonshopp, kulestøt med begge hender, 60 m baklengs, 100 m på idealtid og spydkast på blink. Det er om å gjere å få to like resultat i tre av øvingane, så er det idealtid, og til slutt spydkastduell på blink. 

Premien var ein stor sjokolade.

Det som er ekstra moro med denne 5-kampen er at dei yngste like godt kan vinne som dei eldste.

No tek friidretten ferie i heile oktober. Vi startar opp att for 2012-modellar og eldre den 1. november.

Trykk her for resultatliste omvendt 5-kamp 2021

30.09.2021
- olve.oyehaug

Utesesongen går mot slutten. Ørsta IL friidrett avsluttar sesongen med premieutdeling og omvend 5-kamp.

Tysdag 28. september kl 18:00 inviterer vi alle aldersgrupper til avslutting med premieutdeling for dei fire cup-stemna vi har hatt i år (Klubbstemne, Sparebank1-leikane, Ørstaleikane og Rekrutteringscup nr 6). På avsluttinga skal vi ha superduper-stafett og premieutdeling. Premie vert delt ut til alle frå Ørsta IL friidrett som har delteke på eitt eller fleire av stemna på Ørsta stadion i år. 

Torsdag 30. september kl 18:00 inviterer vi alle 2012-modellar og eldre (9 år og eldre) til årets høgdepunkt, omvend 5-kamp. Då har vi utradisjonelle øvingar som løp baklengs, løp på idealtid, spydkast på mål og meir. 9-åringane (2012-modellane) er spesielt inviterte. 

I oktober har vi pause i fellestreningane.

Vintertreningane for dei som er 10 år og eldre (2012-modellar og eldre) startar 1. november. For 10-12-årsgruppa (2010-2012-modellar) er treningane inne i Ørstahallen. For 13+ (2009-modellar og eldre) er treningane ei blanding av innetreningar i Ørstahallen og utetreningar på stadion eller under taket bak tribunen. Treningstidene er ikkje heilt avklarte endå, men det vert tysdag og torsdag ca kl 18 for 10-12-årsgruppa, og måndag, tysdag og torsdag for 13+-gruppa (førebels ikkje heilt fastsett kva klokkeslett).

21.09.2021
- olve.oyehaug

Rundt 40 utøvarar stilte til start på dagens cupstemne på Ørsta stadion. Deltakinga var spesielt god i dei yngste klassane. 

Noah Digernes Merheb (G14) slo til med ny pers på 800 m med gode 2,13,06 sek og 926 Tyrvingpoeng. 

Sølvvinnar frå UM, Maria Mjelva Straume (J16) sprang inn til klubbrekord på 2000 m på gode 6,52,82 og fekk 940 Tyrvingpoeng!

Resultatliste frå cupen

14.09.2021
- olve.oyehaug

Trykk på linken under for tidsskjema for cup 6 den 14. september.

Sidan dette er cup og det vil kome etterpåmeldingar så vil nok det kunne verte litt forskyvingar på skjemaet.

Trykk her for tidsskjema

 

 

13.09.2021
- olve.oyehaug

Kalender

Mars
MTOTFLS
26272829123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket