Nyheter

Det vart ein svært spennande og underhaldande 1500 m som avslutta SpareBank1-leikane på Ørsta stadion. Jonatan Hovden Ryste (G13) og Noah Digernes Merheb (G14) la ut i relativt roleg tempo i første halvdel av løpet, men auka stadig etter det. Noah drog i 1400 m og kvar gong Jonatan prøvde å passere så svarte Noah med å auke tempoet. Frå omlag 800 meter auka farta godt. Dei siste 250 meterane vart ein langspurt, der dei auka til full sprint skulder mot skulder dei siste 100 meterane. Noah kasta seg først over målstreken og slo Jonatan med 7 hundredelar med tida 4,52,63. Begge vart vinnarar i sine aldersklassar. Med litt finpuss dei komande vekene kan begge vere kapable til å setje klubbrekord på 1500 m i sine aldersklassar.

Rekruttane i alderen 6-9 år deltok i 60 meter, lengde og liten ball. Dei viste idrettsglede og stor innsats. For aldersgruppa 10-19 år var det større utval i øvingar innanfor løp, kast og hopp. 10-12 årsgruppa har øvd mykje på hekk, og det viste godt att på stemnet. Ei som var ekstra rask var Madelene Almestad (J11) som flaug over hekkane på 11,81 sek på 60 m hekk. 

Rundt 40 deltakarar i alderen 6-19 år var i aksjon på klubbstemnet Sparebank1-leikane den 6. juni på Ørsta stadion. Stemnet vart arrangert i tråd med gjeldande smittevernsreglar. Arrangør Ørsta IL friidrett valde å redusere deltaking til kun klubbens medlemer p.g.a. covid-19-pandemien. Med gradvis opning av samfunnet har klubben som mål å arrangere storstemnet Ørstaleikane over to dagar siste helga i august med deltakarar frå heile fylket og frå nabofylka.   

Trykk på linken under for å sjå resultata. Resultatliste Sparebank1-leikane 2021

06.06.2021
- olve.oyehaug

Det er no klart for bestilling av klubbkle for Ørsta IL friidrett. Merk at bestillingsfrist er 13. juni.

Klubbklea er av merket Trimtex. Dette er veldig gode trenings- og konkurransekle. Storleikar er frå 130 cm og oppover. 

Nettbutikken stenger 13.06.2021 med forventa levering i veke 29.

Informasjon om framgangsmåte:

Før du kan starte å bestille må du registrere deg.

Vel «Logg inn» om du allereie er registrert som brukar på trimtex.no eller “Ny konto” om det er første gang du bestiller frå Trimtex. På mobil må du scrolle litt nedover på sida for å finne desse to vala.

Klikk deg inn på linken her for å komme til nettbutikken: trimtex.no/no/teamshop/orstafriidrett2021 

Eller logg inn med aktiveringskode/teamkode: orstafriidrett2021

Du skal motta en ordrebekreftelse frå Trimtex når din ordre har gått gjennom.

Vi tilrår å bruke Chrome eller Firefox for at det skal fungere optimalt, f.eks vil brukarar av Internet Explorer kunne oppleve problem.

Lurt tips! Kjem ein “bort” fra klubbsidene, kan ein alltid klikke på klubbnamnet øvst på sida for å kome tilbake igjen. På mobil visast dette ved å gå på menyen øvst til venstre.

Viss de har problem med å logge inn, eller andre henvendingar nøl ikke med å ta kontakt enten på support@trimtex.no eller per telefon 37 26 91 00.

NB! Ørsta IL friidrett jobbar samtidig med eit enkelt lavprisalternativ til dei yngste utøvarane: Billege klubb-t-skjorter frå annan leverandør. Planen er at dei vert klare for bestilling og levering etter sommarferien.

04.06.2021
- olve.oyehaug

Ørsta IL friidrett stilte med 20 ivrige utøvarar på det første friidrettsstemne utanfor klubben på lang tid. I strålande solskin og fin temperatur vart det sett mange personlege rekordar på Dimnaleikane i Ulsteinvik. Det var og stor medaljefangst til Ørsta på stemnet.

I første del av stemnet var det enorm deltaking. Ørsta sine yngste i alderen 9 år og nedover sette personlege rekordar i fleng. I andre del av stemnet var det aldersgruppene 10-19 år som konkurrerte.

Madelene Almestad (J11) tok med seg heim fire medaljar, tre gull og ein sølv. I lengde fekk ho 941 Tyrving-poeng for beste hopp på 4,07 meter.

Julie Hovden Ryste og Linnea Høydalsnes Nes (begge klasse J13) gav kvarandre tøff konkurranse og var best klassen J12. Julie tok 1. plassar på 60 m, 200 m og lengde. Tett bak kom Linnea og to 2. plassane i same øvingane. I høgde persa Julie solid og hoppa 1,43 m og 932 Tyrving-poeng.

Pia Flatjord Tofteland (J12) hoppa til gull i lengde med 4,57 m og fekk 972 Tyrving-poeng.

Ørstas raskaste mann, Johannes Eiksund viste at han er i rute til ny pers og tok andreplass på 100 m i klassen G18/19 på gode 11,51 sek i godkjend vind (972 Tyrving-poeng). Tredjeplassen var det kameraten Sondre Espelid frå Dimna IL som tok med 11,55. Vinnar var ein av landets raskaste 19-åringar, Jonas Andre Ose frå Dimna på 10,80.

Det var ingen tvil om at mange såg fram til å kunne delta på stemne igjen. Med over 200 deltakarar, i hovudsak frå Søre Sunnmøre, så vart stemnet delt i to. Arrangør Dimna IL hadde gjort grundig planlegging for å kunne gjennomføre det store stemnet i tråd med gjeldande smittevernreglar.

Resultatliste ligg på www.dimna.no 

31.05.2021
- olve.oyehaug

Ørsta IL friidrett inviterer til Klubbstemne SpareBank1 leikane på Ørsta stadion søndag 6. juni.

Påmeldingsfrist er tysdag 1. juni. Påmelding gjer ein via minidrett.no eller appen MinIdrett (søk på Klubbstemne i søkefeltet i minidrett).

Sjå vedlagt innbyding for øvingsutval og meir informasjon.

Vi oppmodar utøvarane til å avgrense deltaking til tre øvingar.

P.g.a. pandemien er deltaking avgrensa til å vere eit klubbstemne for Ørsta IL friidrett sine utøvarar. 

Trykk her for link til innbyding SPB1-leikane klubbstemne 2021

27.05.2021
- olve.oyehaug

Kalender

April
MTOTFLS
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293012345

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket