Resultat frå cup 6 tysdag

Endeleg resultatliste frå cup nr 6 er klar.  Trykk her for resultatliste

Anna Hjellen Haugland (J17) kasta i kveld 4 kg slegga 41,33 m som er ny PR (før 40,57 m) - Ny banerekord kvinner senior - Ny klubbrekord kvinner junior og senior!

2019-09-10
olve.oyehaug

41,33 m med 4 kg slegga er pt. Norges nest lengste sleggekast J17 i år!

Samtlege utøvarar 10 år og eldre som deltok på stemnet i går kveld satte personleg rekord i ein eller fleire øvingar! Når ein då ser at særleg 10 årsgruppa teller mange utøvarar, så lover det godt for framtida!

Vi begynner med Sigrid (J18/19) som satte ny utandørs PR på 60 m med tida 8,59! Dette er klubbens 8. raskaste 60 m for kvinner gjennom alle tider!

Så kom det to 900 - poengresultat: Elise fekk 964 Tyrvingpoeng for 8,53 på 60 m. Og Johannes sprang 100 m på 11,95 og fekk 957 Tyrvingpoeng.

Jenny (J13) får meir og meir fart på fotan sine. I går kveld kom ein solid ny PR på 100 m på tida 16,14 (før 18,28).

Sterkt av Maria (J14) som sprang solo på 1500 m på 5,14 talet. Berre tre-fire sekunder bak personleg rekord.

Frøya (J10) sprang 100 m på 16,54 og satte både ny PR og klubbrekord J10.

Julie (J11) også ho med på rekordlista på 100 m. Tida 16,15 er både ny PR og klubbrekord J11..

Filip (G15) hoppa 1,43 m i høgde! Ny solid PR (før 1,25 m).

Og så legg ein merke til ein spretten kar med namnet Jonas (G10) som hoppa lovande 3,43 m i lengde.

 

 

Det var 86 utøvarar fordelt på 192 startar.

Kalender

April
MTOTFLS
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293012345

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket