Sesongavslutting med omvend 5-kamp

Ørsta IL friidrett avslutta sesongen med det morosame stemnet omvend 5-kamp. Det vart konkurrert i 100 m på idealtid, 60 m baklengs to gongar, rotasjonshopp mot venstre og høgre, kulestøyt med venstre og høgre hand og til slutt spydcup. I øvingane som ein gjer to gongar er det om å gjere å ha likast resultat.

Dei yngste gjer det ofte minst like godt som dei eldste på dette stemnet. Vinnaren var 12-åringen Jonatan Hovden Ryste, med 46 poeng. Tett bak han kom Ragne Øyehaug med 49 poeng. Tredjeplassen gjekk til Mads Melle Lundberg med 56 poeng. Lågast poengscore er best. Det var tre 10-åringar på dei fem første plassane.

Trykk her for resultatliste omvendt 5-kamp

På slutten av stemnet var det og premeutdeling for dei som har delteke på cup-stemna i år. Hovudsponsor Sparebank 1 Søre Sunnmøre var og på stemnet og delte ut ekstrapremiar til alle deltakarane.

Det har vore ein spesiell sesong p.g.a. covid 19-.pandemien. Vi er likevel glade for at vi har fått høve til å gjennomføre både treningar og stemne, sjølv om det har vore noko nedskalert samanlikna med normalsesongar. 

No tek friidretten i Ørsta pause i oktober. Vi startar opp att treningane for 2011-modellar og eldre i november.

Vi har treningstider i Ørstahallen tysdag og torsdag kl 18. Dei eldste kjem truleg og til å ha trening måndagar kl 18. Vi kjem tilbake med meir informasjon om treningane i oktober, når vi har fått planlagt ferdig.

2020-10-01
olve.oyehaug

Omvend%205%20kamp%202020%20spyd.jpg

Kalender

April
MTOTFLS
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293012345

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket