Nyheter

Det vert dugnad på Ørsta stadion onsdag 15. mai kl. 18:00.

13.05.2019
- ErlendA

Årsmøtet i 2019 gjorde vedtak om oppretting av bordtennis-gruppe i ØIL.

08.04.2019
- ErlendA

Her legg vi ut saksdokument til årsmøtet 25/3.

20.03.2019
- ErlendA

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Ørsta IL 25. mars.

04.02.2019
- ErlendA

Det er opningshelg for den nye Ørstahallen 26-27. januar. Kommunen signerte overtaking av hallen 21. januar.

25.01.2019
- ErlendA

Innkalling til ekstraordinært årsmøte, for oppretting av turngruppe. Møtet vert i klubbhuset måndag 17. desember kl. 19:00.

02.12.2018
- ErlendA

I haust har anlegga i Holmane fått ei skikkelig oppgradering!

05.11.2018
- ErlendA
ErlendA 2016-02-21 23:15:52

Medlemskap i ØIL

Ørsta IL er eit medlemsbasert idrettslag. Medlemmene er grunnmuren i laget. Alle som driv organisert idrett i regi av laget vere medlem. Det er ikkje lov å konkurrere for laget utan gyldig medlemskap.

Medlemmene er dekt av kollektiv idrettsforsikring.

Gjennom støttemedlemskap får vaksne høve til å støtte aktivitetane i laget.

Det er ikkje krav om medlemskap for dei som er med i barneidrettsgruppa, sjølv om vi vil anbefale dette. Borna i barneidrettsgruppa er dekt av kollektiv barneidrettsforsikring i NIF.

Trimgruppa driv i hovudsak aktivitetar for ålmenta. Heller ikkje her er det krav til medlemskap, sjølv om vi vil tilrå i det minste støttemedlemskap.

Det er svært viktig at medlemsregisteret er oppdatert. Dette er også eit krav frå NIF. Hovudlaget har hovudansvar for medlemsregistert. Hovudlaget brukar KlubbAdmin, eit internettbasert medlemsregister levert av NIF. Medlemslista skal innehalde: Namn, adresse, fødselsdato, e-post (til utøvar eller føresette), mobilnummer.

Medlemmene kan administrere medlemskapen gjennom MinIdrett (https://minidrett.nif.no/). Dette gjeld både innmelding og utmelding av laget, samt kobling til gruppe/grein og familie.
Om du ikkje får til å bruke MinIdrett, send melding om endring til kasserar@orstail.no.

Fakturering av medlemsavgift gjer hovudlaget, ein gong årleg. Ein kan også betale kontingenten direkte til konto 3992 07 32015 (merk kven innbetalinga gjeld).

Det er ønskjeleg å samle flest mogleg medlemmer i familiemedlemskap. Det er kun personleg medlemskap i laget, men familiemedlemskap er ein praktisk løysing både for idrettslaget og familien.

Kontingent 2020:
Born, kr. 150.
Vaksne (over 18 år), kr. 250.
Familiemedlemskap, kr. 500.
Støttemedlem, kr. 150

Kalender

April
MTOTFLS
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293012345

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket