Nyheter

Støtt oss med å gi din stemme til "Klubben i mitt hjerte"!

https://www.klubbenimitthjerte.no/

21.10.2018
- ErlendA

Det ekstraordinære årsmøtet går for bygging av ny kunstgrasbane.

17.09.2018
- ErlendA

Det vert med dette kalla inn til ekstraordinært årsmøte i Ørsta IL 3. september 2018. Møtet vert i klubbhuset kl. 19.00.

20.08.2018
- ErlendA

I årsmøtet vart det vedtak om oppstart av innebandy-gruppe, og utgreiing om framtidige anlegg for fotball og friidrett.

23.04.2018
- ErlendA

Her blir lagt ut årsmøtedokument.

12.03.2018
- ErlendA

Det blir årsmøte i Ørsta IL måndag 19. mars.

15.02.2018
- ErlendA

Det mellombelse klubbhuset er klart til bruk. Dette skal vere klubbhuset vårt fram til våre nye klubblokale i den nye Ørstahallen er klar til bruk, mot slutten av 2018.

01.01.2018
- ErlendA
ErlendA 2016-02-21 23:15:52

Medlemskap i ØIL

Ørsta IL er eit medlemsbasert idrettslag. Medlemmene er grunnmuren i laget. Alle som driv organisert idrett i regi av laget vere medlem. Det er ikkje lov å konkurrere for laget utan gyldig medlemskap.

Medlemmene er dekt av kollektiv idrettsforsikring.

Gjennom støttemedlemskap får vaksne høve til å støtte aktivitetane i laget.

Det er ikkje krav om medlemskap for dei som er med i barneidrettsgruppa, sjølv om vi vil anbefale dette. Borna i barneidrettsgruppa er dekt av kollektiv barneidrettsforsikring i NIF.

Trimgruppa driv i hovudsak aktivitetar for ålmenta. Heller ikkje her er det krav til medlemskap, sjølv om vi vil tilrå i det minste støttemedlemskap.

Det er svært viktig at medlemsregisteret er oppdatert. Dette er også eit krav frå NIF. Hovudlaget har hovudansvar for medlemsregistert. Hovudlaget brukar KlubbAdmin, eit internettbasert medlemsregister levert av NIF. Medlemslista skal innehalde: Namn, adresse, fødselsdato, e-post (til utøvar eller føresette), mobilnummer.

Medlemmene kan administrere medlemskapen gjennom MinIdrett (https://minidrett.nif.no/). Dette gjeld både innmelding og utmelding av laget, samt kobling til gruppe/grein og familie.
Om du ikkje får til å bruke MinIdrett, send melding om endring til kasserar@orstail.no.

Fakturering av medlemsavgift gjer hovudlaget, ein gong årleg. Ein kan også betale kontingenten direkte til konto 3992 07 32015 (merk kven innbetalinga gjeld).

Det er ønskjeleg å samle flest mogleg medlemmer i familiemedlemskap. Det er kun personleg medlemskap i laget, men familiemedlemskap er ein praktisk løysing både for idrettslaget og familien.

Kontingent 2020:
Born, kr. 150.
Vaksne (over 18 år), kr. 250.
Familiemedlemskap, kr. 500.
Støttemedlem, kr. 150

Kalender

Mars
MTOTFLS
26272829123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket