Robotklippar

Denne sesongen har vi klipt graset på stadion med robotklippar.

2019-10-17
ErlendA

Robotklipparen har gått jamnt sidan juni. No har den tatt vinterferie. Klipparen er den største modellen til Husqvarna. Det har fungert fint denne sesongen, bortsett frå litt for mange unødige stopp. Den har hatt lett for å hekte seg fast i fotballmåla, og litt for mange har leika seg med stopp-knappen.

Det er stadig fleire grasbaner som blir klipt med robotklippar. Mange har to maskinar i drift på same tid. Vi valde å supplere med manuell klipp eit par gonger i løpet av sommaren. 

Robotklipparen er sponsa av Vartdal plast.

Kalender

Oktober
MTOTFLS
2829301234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627282930311

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket