Koronavirus

Idretten er med på den nasjonale dugnaden som skal bremse spreiing av virus.

2020-03-15
ErlendA

All organisert trening vart stoppa frå midten av mars. Alle kampar/konkurransar og arrangement er også avlyst eller utsett inntil vidare. For fleire idrettar fekk sesongen tidleg slutt, og for andre er starten utsett. Større møter/kurs i idretten er heller ikkje lov.

Eigentrening er lov, men følg råd frå helsemyndigheitene. Hygiene må vere i fokus. Viruset lever tre timar i luft, og inntil tre dagar på dei fleste overflater. Det er dermed svært stor smittefare. Hald god avstand til kvarande. Grunntrening/styrke kan ein drive heime med enkelt utstyr. På internett er det mange tips til øvingar, t.d. på «Olympiatoppen».

Alle treningssenter held også stengt. Ørstahallen er stengd.

ØIL sine anlegg er stengd for vanleg trening. Det gjeld også venne-grupper som stikk innom ved ledig kapasitet. Altså; det er ikkje lov å samle seg i større grupper på kunstgrasbana eller på stadion. Politiet har mynde til å vise bort dei som ikkje rettar seg etter pålegg frå regjeringa.

Om vi alle gjer litt ekstra innsats, kan vi håpe at denne vanskelege perioden blir så kort som mogleg.

Idrettsforbundet har utsett fristen for å halde årsmøte i idrettslaga. ØIL sitt årsmøte er utsett inntil vidare.

Frå 3. april opna idrettsforbundet for trening i mindre grupper. Det er strenge reglar: maks 5 i kvar gruppe, med minst 2 meter mellom kvar person. Ikkje felles køyring til og frå trening. Vaksne skal vere til stades på trening. Unngå hard og risikofull trening. Unngå handkontakt med treningsapparat. Bruk handvask ofte. Det er i praksis svært få idrettar som er mogleg å praktisere no. Les meir om reglane her: https://www.idrettsforbundet.no/idrettskrets/moreogromsdal/nyhet/2020/nifs-anbefaling-til-utovelse-av-idrettsaktivitet/

Kalender

April
MTOTFLS
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293012345

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket