ØIL i byggeperioden

Klubbhuset er no tomt, alt av verdi er tatt vare på til nye prosjekt. Onsdag 4. oktober tek kommunen over huset, og mest truleg startar rivinga same dag.

2017-10-01
ErlendA

Mange har gode minner frå bygget som no må vike for den nye fleirbrukshallen. I hallen får vi nye klubblokale. Fleirbrukshallen skal vere ferdig mot slutten av 2018.  Medan vi venter på denne, må vi tilpasse oss mellombelse løysingar.

Fotballfritidsordninga har no ei mellombels løysing med lokalar på Velle skule, samt to mindre brakker på utsida av paviljongen. Dei tilsette held til i den eine brakka. Klubben har ikkje møtelokale for tida. Garderobar har vi i Ørstahallen.

I siste halvdel av oktober får vi på plass ein leigemodul som skal fungere som klubbhus medan fleirbrukshallen vert bygd. Denne blir plassert mellom Kiwi-hallen og stadion, der den gamle tribuna var. Modulen har eit stort møtelokale, grupperom, kontor, kjøken og dobbel garderobe. Det blir ikkje dusj i desse garderobane. I Ørstahallen har vi tilgang til garderobe og dusj i heile byggeperioden.

Til lag som vil nytte garderobe med dusj, vil vi tilrå parkering ved Ørsta kulturhus. Der er stor parkering, og gangveg direkte til Ørstahallen. Frå Ørstahallen er det passasje gjennom anleggsområdet inn til våre idrettsanlegg. Alternativ tilgang til våre anlegg er via parkeringsplassen til Velle skule.
For trening og arrangement i Ørstahallen bør ein også unngå køyring til hallen. Dette er eit anleggsområde. Det er plass til korte stopp i Anders Hovden-gata som går tett forbi hallen.

Vi får det litt kummerleg vel eit år, altså. Gulrota der framme er den store fleirbrukshallen med nye klubblokale og gode rammer for vidareutvikling av laget!

 

 

Kalender

Mai
MTOTFLS
293012345
6789101112
13141516171819
20212223242526
272829303112

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket