Ørsta IL er eit tradisjonelt fleiridrettslag. Laget har vel 1600 medlemmer. Vi har no 10 grupper: fotball, handball, friidrett, alpin, langrenn, trim, barneidrett (idrettskule), innebandy, turn og bordtennis. Hovudstyret er sett saman av dei 10 gruppeleiarane samt fem tillitsvalde i eit arbeidsutval (AU). Fleire hundre frivillige er med på å drive aktivitetane i laget. Fotballgruppa har tilsett dagleg leiar samt leiar for fotballfritidsordninga (FFO). Handballgruppa har tilsett hovudtrenar i full stilling.

Laget har mange idrettsanlegg. I Ørsta sentrum (Holmane) er dei største anlegga: stadion med grasbane og friidrettsanlegg, kunstgrasbane, fotballhall og klubbhus. Ved Ørsta skisenter (Bondalseidet) har laget fleire mindre bygg/anlegg i samband med alpin og langrenn. Ved det store byggefeltet Mosmarka er det ei flott lysløype med eigen trakkemaskin. Fleire grupper har aktivitetane sine i den kommunale Ørstahallen, og laget har også litt treningstid i gymsalen til Vikemarka skule.

ØIL har også klubblokale i Ørstahallen, dette er leigeavtale med kommunen.

Laget har stor aktivitet, særleg for born og ungdom. Vi driv mest med breiddeidrett, men kan også vise til solide resultat innan både individuelle øvingar og lagspel. Laget har som mål å kunne gi tilbod til alle nivå og ambisjonar. Visjonen vår er "Idrettsglede for alle".


Lov for Ørsta IL: 

Lov for ØIL 2020.pdf

Kalender

Mai
MTOTFLS
293012345
6789101112
13141516171819
20212223242526
272829303112

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket