I haust har anlegga i Holmane fått ei skikkelig oppgradering!
Det er lagt ny drenering rundt kunstgrasbana, der målet er å samle opp og bruke oppatt mykje av granulaten. Det er støypt fundament til tribune, og skråningane er mykje finare. Mot elva er det også lagt kanstein. I det heile er det skikkelig flott no, og eldsjel Karsten Aarseth har brukt enormt mykje tid på dette arbeidet. Entreprenøren Aurstad AS har gitt laget mykje velvilje, her er utført arbeid for mange hundre tusen. Til slutt asfalterte Veidekke 5600 kvadratmeter, med god rabatt.
Kalender
|