Det vert 900-poengsfest i klubblokala torsdag 3. mars kl 19:00 (rett etter treninga).
Vi deler ut 900-poengsfat til dei som fekk 900 eller fleire Tyrvingpoeng i 2021. Det vert pizza og det vert superduperquiz. Dette vert moro! :-)
Hugs å støtte Spleisen for ny sand i lengdehoppgropene: Du finn link til Sleisen på spleis.no/sand
Det er krav om lisens for å delta i arrangement i regi av Norges Friidrettsforbund for alle som er 13 år og eldre (2009-modellar og eldre).
Link til kjøp av lisens finn du på: https://isonen.no/event/ckxa9ny0u0xme0f67vwi0j7h1/
Ein vel sjølv om ein vil ha grunnlisens eller utvida lisens. Vår erfaring er at mange vel grunnlisens.
Friidrettstreningane er godt i gang. Snart vert det stemne. Nokre av utøvarane skal på UM i mars. KM innandørs vert truleg arrangert i mars.
900-poengsfest for Ørsta IL friidrett vert arrangert i februar eller mars.
Vi kjem snart med meir info.
Kalender
|