Årsmøtet i 2019 gjorde vedtak om oppretting av bordtennis-gruppe i ØIL.
Gruppa får namnet Ørsta IL bordtennis. Dei har trening i Ørstahallen tysdag og torsdag. No i starten er det Evgeniya og Ronny Humberseth som har ansvar for drift av gruppa. Har du lyst til å prøve bordtennis, kontakt Ronny på tlf. 930 10 924, eller e-post ronny@reinhald.as
I årsmøtet fekk Tora Ose (fotball) og Andrine H. Haugland (friidrett, kast) utmerking for flotte prestasjonar i sine idrettar. Dei er begge på høgt nasjonalt nivå i sine årsklasser.
Oppdatering av anleggsplanen viser at det ikkje er konkrete planar for nye idrettsanlegg i 2019. Men ønskelista er lang!
Kalender
|