Krav om medlemskontingenten kjem også i år heilt på slutten året.
Medlemskontingenten vert fakturert ein gong årleg. Dei siste åra har dette vert gjort heilt mot slutten av året, sjølv om vi har ambisjon om å få dette til litt tidlegare på året. Vi gjer nytt forsøk i 2021!
Etter rydding i medlemsregisteret er det no nær 1700 medlemmer i ØIL. Dette talet er truleg litt for høgt. Medlemmene kan administrere medlemskapen gjennom sin profil på nettsida "MinIdrett". Dette gjeld også utmelding av grupper eller laget. Eller send e-post til kasserar.
Ved feil knytt til faktura, eller endring i beløp, send melding til kasserar@orstail.no.
Merk at kravet som no vert sendt ut gjeld for 2020. Medlemskap gjeld frå 1/1 - 31/12.
Årsmøtet 2020 gjorde vedtak om satsar: Under 18 år: kr. 150. Over 18 år kr. 250. Støttemedlem kr. 150 og famile kr. 500. Den tekniske løysinga til medlemsregisteret i idrettsforbundet gjer det vanskeleg å fakturere familie, mange får difor faktura med "rare" beløp (men ingen over 500). For familie: betal gjerne det som står på faktura, sjølv om beløpet er mindre enn årsmøtevedtaket.
Ny og betre teknisk løysing for medlemsregisteret skal vere på plass tidleg neste år.
Kalender
|