Nyheter

Vi må ha eit ekstraordinært årsmøte i samband med nytt vatningsanlegg.

04.10.2017
- ErlendA

Klubbhuset er no tomt, alt av verdi er tatt vare på til nye prosjekt. Onsdag 4. oktober tek kommunen over huset, og mest truleg startar rivinga same dag.

01.10.2017
- ErlendA

VELKOMEN TIL DUGNAD 

I MORGON TYSDAG 26. SEPTEMBER

KLOKKA 18

TØMING AV KLUBBHUSET

25.09.2017
- olve.oyehaug

Grunnarbeidet for den nye fleirbrukshallen tek til i august. 

15.08.2017
- ErlendA

Her kjem saksdokument til årsmøtet, etterkvart som dei blir klare.

10.03.2017
- ErlendA

Det vert årsmøte i ØIL 13. mars kl. 19:00, i klubbhuset. Frist for å melde saker er 27. februar.

30.01.2017
- ErlendA
ErlendA 2016-02-21 23:15:52

Medlemskap i ØIL

Ørsta IL er eit medlemsbasert idrettslag. Medlemmene er grunnmuren i laget. Alle som driv organisert idrett i regi av laget vere medlem. Det er ikkje lov å konkurrere for laget utan gyldig medlemskap.

Medlemmene er dekt av kollektiv idrettsforsikring.

Gjennom støttemedlemskap får vaksne høve til å støtte aktivitetane i laget.

Det er ikkje krav om medlemskap for dei som er med i barneidrettsgruppa, sjølv om vi vil anbefale dette. Borna i barneidrettsgruppa er dekt av kollektiv barneidrettsforsikring i NIF.

Trimgruppa driv i hovudsak aktivitetar for ålmenta. Heller ikkje her er det krav til medlemskap, sjølv om vi vil tilrå i det minste støttemedlemskap.

Det er svært viktig at medlemsregisteret er oppdatert. Dette er også eit krav frå NIF. Hovudlaget har hovudansvar for medlemsregistert. Hovudlaget brukar KlubbAdmin, eit internettbasert medlemsregister levert av NIF. Medlemslista skal innehalde: Namn, adresse, fødselsdato, e-post (til utøvar eller føresette), mobilnummer.

Medlemmene kan administrere medlemskapen gjennom MinIdrett (https://minidrett.nif.no/). Dette gjeld både innmelding og utmelding av laget, samt kobling til gruppe/grein og familie.
Om du ikkje får til å bruke MinIdrett, send melding om endring til kasserar@orstail.no.

Fakturering av medlemsavgift gjer hovudlaget, ein gong årleg. Ein kan også betale kontingenten direkte til konto 3992 07 32015 (merk kven innbetalinga gjeld).

Det er ønskjeleg å samle flest mogleg medlemmer i familiemedlemskap. Det er kun personleg medlemskap i laget, men familiemedlemskap er ein praktisk løysing både for idrettslaget og familien.

Kontingent 2020:
Born, kr. 150.
Vaksne (over 18 år), kr. 250.
Familiemedlemskap, kr. 500.
Støttemedlem, kr. 150

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket