Skiløypene til langrennsgruppa i Ørsta IL

Vi ynskjer alle velkomne til å bruke dei to skiløypene som langrennsgruppa har bygd opp og har ansvaret for.

2015-10-28
Ørsta IL

Bondalseidet: Løypa på bondalseidet er ei løype på 5km med lys. Løypa blir nytta av alle laga i Ørsta og dei aller fleste langrennskonkurransane blir arrangerte her.På stadion er der både tidtakarhus og ei smørjebod.  Langrennsgruppa har avtale med Ørsta skisenter for trakking. Løypa skal vere trakka frå tysdag til fredag til kl. 1730 og laurdag og søndag til kl. 1030. Løypa er som regel også trakka på mandagar. Vi ber alle som er ute og går på ski når trakkemaskina kjem å gå godt til sides og sjå etter at borna ikkje renner seg fram for maskina. Dette for å ungå ulykker. Vi er takksame for dei flotte løypene som trakkarane til Ørsta skisenter og i særklasse Øyvind Bjørdal trakkar. I helgane og ofte på kvardagar er der så sant snøtilhva tillet det også trakka til Åmskaret. Då er løypa omlag 10km.

Mosløypa: Løypa startar på Askjellhaugen og går fram over Mosdalen og på kanalvegen opp om Mosmarka byggefelt. Her er omlag 4,8km med lysløype. For å utnytte heile løypa vil eg foreslå at ein har med seg hodelykt. Frå øvre del av løypa, på kanalvegen får ein eit fantastisk utsyn over Ørsta og Hovdebygda. Her er det langrennsgruppa sjølve som tek seg av trakkinga.

Vi forsøker å oppdatere føreforholda og gi smurningstips for dei to løypene på  http://www.skispor.com/

Desse tilboda som vi gir innbyggarane i distriktet kostar så vi er takksame om brukarane våra vil gi oss ei økonomisk støtte. Dei kan sette inn pengar på kontoen til Ørsta IL langrennsgruppa 3992 30 46449.

 

 

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket