Det er stor aktivitet i friidrettsgruppa i Ørsta idrettslag. Vi er av dei største og mest aktive friidrettsgruppene i Møre og Romsdal. Godt over 100 eigne utøvarar deltek på rekrutteringsstemna våre. Vi har stadig utøvarar som hevdar seg godt i fleire øvingar på landsbasis, i tillegg til mange som oppnår gode resultat og plasseringar på lokale stemne hevdar seg godt på lokale stemne.
Sjølv om vi har mange gode resultat i gruppa er det viktigaste av alt idrettsglede - og at friidrett skal vere ein idrett for alle. Vi har stor fokus på at utøvarane skal ha det sosialt og moro, i tillegg til å lære seg friidrett. Vi er også ein av dei få idrettane som tilbyr aktivitet heilt ned 3-4 års alderen.
Vi har mange aktivitetar - dei fleste av desse er faste årlege arrangement på Ørsta stadion
Fire større stemne
Seks rekrutteringsstemne for dei yngste utøvarane (tre av desse er store stemne)
Friidrettsskule
I tillegg er det faste friidrettstreningar fleire dagar i veka.
Dugnadar på Ørsta stadion
Vi planlegg nokre dugnadar på stadion i haust. Det vert infomert om dato når det nærmar seg.
Media
Ved å vere med i Ørsta IL friidrett eller delta på Ørsta IL friidrett sine treningar og stemne så samtykker ein i at Ørsta IL kan publisere tekst og bilete om arrangement og resultat i media, som aviser, nettsida vår og sosiale media. Dersom ein vil reservere seg mot dette må Ørsta IL friidrett få skriftleg melding om det.
Kalender
|