Medlemskap i Ørsta idrettslag friidrett
Utøvarar i Ørsta IL friidett skal vere medlem i Ørsta IL og ha betalt deltakar- / treningsavgift til friidrettsgruppa. Ein må betale to avgifter, som spesifisert under. Ein kan få delta på to treningar/stemne før ein betaler avgift.
Alle deltakarar på banearrangement må ha heilårslisens frå året dei fyller 13 år. Sjå eige avsnitt under om dette. Fram til fylte 12 år er utøvarane forsikra gjennom Norges friidrettsforbund si barneidrettsforsikring.
Korleis melde seg inn?
Vi deler inn i ulike aldersgruppe.
Steg 1: Du må laste ned Spond-appen for å melde på. Påmelding og frammøteregistrering skjer via Spond - det kan vere rift om plassane - påmelding vert etter prinsippet førstemann-til-mølla.
Frammøte:
Alle som deltek på treningane må registrere frammøte på Spond. Det gjer de ved først å registrere barn/føresette i rett gruppe, og deretter registrere frammøte kvar gong. Dette må gjerast før eller på første trening.
Vi har fire aldersgrupper:
Steg 2: Når du har fått tilbakemelding i Spond-appen om du fekk plass, så må du også registrere utøvaren i MinIdrett, enten på nettsida minidrett.no eller via appen MinIdrett
MinIdrett: Du kan enten gå inn på nettsida minidrett.no eller du kan laste ned appen MinIdrett til mobilen.
Dersom du ikkje får til å registrere på MinIdrett:
1) Medlemsavgift Ørsta IL
Vi oppmodar alle til å støtte Ørsta idrettslag med medlemskap. Ditt bidrag er viktig. Bli ein aktiv støttespelar! Utøvarar skal vere medlem for å kunne delta på treningar og konkurransar. Medlemskapet dekker også forsikring for dei som er 12 år og yngre.
Familiemedlemskap kr. 500,- (rabattordning, laget har berre personlege medlemar)
Vaksne (over 18 år) kr. 250,-
Barn kr. 150,-
Støttemedlem kr. 150,-
Ørsta IL sender ut innbetalingskrav for medlemsavgift via MinIdrett, som regel i andre halvdel av av året. MinIdrett (www.minidrett.no) brukast til å administrere medlemskapet. Ein må logge seg inn der, og betale der v.h.a. nettbanken. Har du ikkje oppretta brukar i MinIdrett må du gjere det.
2) Deltakar- og treningsavgift Ørsta IL friidrett
Rekrutt kr 400,- pr år.
10 år og eldre kr 400,- pr år.
Familie kr 600,- pr år.
Hugs å at ein må betale medlemskontingent i Ørsta IL for å vere med i Ørsta IL friidrett.
Denne avgifta sender vi som regel ut i løpet av 2. halvår. Dersom ein er medlem i Ørsta IL og deltek på treningar og/eller stemne i regi av Ørsta IL friidrett skal ein betale denne avgifta. Ein betaler deltakar- og treningsavgift gjennom MinIdrett. Vi lagar til innbetaling av deltakar- og treningsavgift 1-2 gonar pr år, og sender ut krav pr epost. Ein må då betale vedlagt giro eller logge seg inn i MinIdrett og betale der v.h.a. nettbanken. Har du ikkje oppretta brukar i MinIdrett må du gjere det.
3) Friidrettslisens for alle som er fødde i 2008 og tidlegare
I norske friidrettsklubbar er det krav om at alle utøvarar som er mellom 13 og 80 år må kjøpe årslisens for å få lov til å delta på banearrangement. Ein er i tillegg forsikra på trening og i samtlege friidrettsarrangement i Norge og andre land dei deltek, inkludert mosjonsløp, kappgang, turmarsjar og motbakkeløp. I tillegg vil lisenstakarar få rådgjeving og hjelp til og bestille time hos Idrettens Helsesenter sin skadetelefon.
Alle deltakarar på banearrangement må ha heilårslisens frå året dei fyller 13 år.
Utan lisens får ein ikkje stille til start. Det er nok å kjøpe grunnlisens.
Pris heilårslisens:
Grunnlisens kr 450,-
Utvida lisens kr 950,-
Kalender
|