Landslagets Friidrettsskule

Ørsta IL friidrett arrangerer Landslagets friidrettsskule på Ørsta stadion måndag 16. august - onsdag 18. august 2021.

Det er plass til 60 barn på friidrettsskulen.

Friidrettsskulen er eit lokalt tilbod til barn i alderen 7-12 år.  Friidrettsskulen går over tre dagar i sommarferien. På friidrettsskulen får barn trene basisferdigheiter og prøve friidrett på ein spennande og utviklande måte prega av leik og glede.

Friidrettsskulen er i regi av Norges Friidrettsforbund. 

Kva: Spennande dagar i sommarferien der born møtast til gode aktivitetstilbod på dagtid.

Alder: 7-12 år

Varigheit: 3 dagar

Når: Måndag 16. august - onsdag 18. august, klokka 9-15.

Stad: Ørsta stadion

Påmeldingsfrist25. juli 2021 (førstemann til mølla)

Pris: Kr 750,-

Deltakargåve: T-skjorte

Antal: 60 deltakarar

Påmelding: http://www.deltager.no/Landslagetsfriidrettsskole/event/orsta 

Oppmøtestad: På tribunen ved tidtakarbuda på Ørsta stadion

Mat og drikke: Alle må ta med mat og drikke.

Innhald

Deltakarane vil få introduksjon til m.a. forskjellige friidrettsøvingar. Det vil bli innslag av løp, hopp, kast, samt leik for utvikling av balanse og motorikk i tillegg til ballspel og øvrige aktivitetar. Kyndige og engasjerte idrettsleiarar, ungdom som sjølve er aktive utøvarar i friidrettsgruppa, vil tilrettelegge og hjelpe borna på deira eigne premissar.

Bli med!

La barnet ditt få ei aktiv og sosial ferietid fylt med fysisk leik tilpassa alle nivå.

Ørsta IL friidrett har sidan 2012 arrangert friidrettsskulen Idrettsleikar veka før skulestart. Målet er å arrangere dette kvart år. Friidrettsskulen er for barn i alderen 7-12 år. Det har vore fullteikna kvart år, med rundt 60 deltakarar kvart år.

 

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket