Nyheter

Vi inviterer til 900-poengsfest i klubblokala i Ørstahallen torsdag 3. mars kl 19:00-20:30.
På 900-poengsfesten deler vi ut premiefat til dei med over 900 Tyrvingpoeng i 2021. Vi har quiz, ser på bilete frå tidlegare sesongar, og vi et oss gode og mette på pizza. Hjarteleg velkomne til alle i aldersgruppa 10 år og eldre (2012-modellar og eldre).
Vi går rett frå treninga til 900-poengsfesten.
24.02.2022
- olve.oyehaug

Det vert 900-poengsfest i klubblokala torsdag 3. mars kl 19:00 (rett etter treninga). 

Vi deler ut 900-poengsfat til dei som fekk 900 eller fleire Tyrvingpoeng i 2021. Det vert pizza og det vert superduperquiz. Dette vert moro! :-)

13.02.2022
- olve.oyehaug

Hugs å støtte Spleisen for ny sand i lengdehoppgropene: Du finn link til Sleisen på spleis.no/sand

13.02.2022
- olve.oyehaug

Det er krav om lisens for å delta i arrangement i regi av Norges Friidrettsforbund for alle som er 13 år og eldre (2009-modellar og eldre). 

Link til kjøp av lisens finn du på: https://isonen.no/event/ckxa9ny0u0xme0f67vwi0j7h1/

Ein vel sjølv om ein vil ha grunnlisens eller utvida lisens. Vår erfaring er at mange vel grunnlisens. 

 

02.02.2022
- olve.oyehaug

Friidrettstreningane er godt i gang. Snart vert det stemne. Nokre av utøvarane skal på UM i mars. KM innandørs vert truleg arrangert i mars. 

900-poengsfest for Ørsta IL friidrett vert arrangert i februar eller mars.

Vi kjem snart med meir info.

02.02.2022
- olve.oyehaug

Kalender

April
MTOTFLS
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293012345

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket