Nyheter

Elias Hovden Nilsen imponerte med 4. plass i spyd i NM i friidrett. Han kasta 63,55 meter, berre ein drøy halvmeter bak personleg rekord. 

- Eg hadde vona på litt betre resultat, men er godt nøgd med 4. plass, sa Elias. 

Elias er no i same treningsgruppe som gullvinnar Kasper Sagen. Motivasjonen er høg for vidare satsing. 

Andrine Hjellen Haugland tok 7. plass med eit kast på 41,30 m. Med det klarte ho sesongmålet på topp-8-plassering i NM. 

Andrine og Elias stadfesta igjen at Ørsta IL friidrett har to utøvarar på nasjonalt toppnivå i spyd.

NM i friidrett vart arrangert på Fana stadion i Bergen 18.-20- september. 

20.09.2020
- olve.oyehaug

Ørsta IL friidrett arrangerer to treningsstemne på Ørsta stadion mot slutten av september:

Søndag 20. september kl 17.30: 100 m

Laurdag 26. september kl 14:00: Spyd

Påmelding på MinIdrett.

Eventuelle tillegg av øvingar vert annonserte på nettsida til Ørsta IL friidrett.

Arrangementa er i tråd med gjeldande smittevernsreglar. Alle publikumarar må registrere seg ved frammøte.

 

18.09.2020
- olve.oyehaug

Treningsstemnet på stadion tysdag 15. september vart "rekordenes aften" med 46 nye personlege rekordar, fire nye klubb/aldersrekordar, ett resultat på over 1000 Tyrvingpoeng og fem resultat på over 900 poeng! 

45 deltakarar gjorde ein flott innsats på stemnet. Det vart konkurrert i 60 m, 100 m, 400 m, 600 m, lengde og tresteg.

Det var kjekt å sjå god deltaking og full innsats i 8- og 9-årsklassane. Det gror godt i dei yngre aldersgruppene.

Trykk på linken resultat: Resultatliste treningsstemne

 

Nye klubb/aldersrekordar:

G12: Jonatan - 14,65 på 100 m.

J10: Madelene - 15,82 på 100 m og 8,36 m i tresteg (sone).

J12: Linnea Anine - 14,66 på 100 m.

Tyrvingpoeng og meir:

Madelene (J10) fekk heile 1036 Tyrvingpoeng i tresteg (sone) for sitt hopp på 8,36 m som er ny PR.

Johannes (17) sprang 100 m på gode 11,56 og fekk 989 Tyrvingpoeng.

Julie (J12) hoppa 9,10 m i tresteg (sone). Ny PR og 960 Tyrvingpoeng.

Så fekk Agnes (J10) litt sprett i fotan og satte ny PR i tresteg (sone) med eit hopp på 7,42 m og 942 Tyrvingpoeng. 

To 900 - poengarar i tresteg (sone) J11: Pia hoppa 8,13 m ny PR og 933 Tyrvingpoeng. Frøya kunne også gå heim med ny PR 8,09 m og 929 poeng. 

Jonatan (G12) klarte nesten 900 poeng. 899 Tyrvingpoeng fekk han etter å ha hoppa til ny PR 9,09 m i tresteg (sone).

Kristian (G10) hoppa 3,54 m i lengde (sone) og 878 poeng. 

Filip (G16) med flott ny PR på 400 m 57,04 (før 58,05).

Elise (J14) med sesongbeste på 100 m 14,18 og i lengde 4,45 m.

 

 

15.09.2020
- olve.oyehaug

Det var god innsats i variabel vind på Aksla stadion i Ålesund under Akslaleikane/KM dag 2. Det vart mange KM-medaljar, 28 nye personlege rekordar, tre nye klubb/aldersrekordar, tre resultat over 900 Tyrvingpoeng og to resultat på topp-10 i Norge på Ørsta IL friidrett sine 17 utøvarar som deltok på stemnet.

Aron Bjørdal Berg (G11) sette ny PR og ny klubbrekord G11 på 60 m hekk (68,0) på tida 11,72. Filip Hoggen (G16) har pr no det sjette beste resultat i landet i tresteg G16 med ny storflott PR 11,58 m (før 10,93 m). 

Madelene Almestad (J10) held fram med å sette klubbrekordar og 900-poengarar. Ho reiste heim med ny PR og klubbrekord J10 på 60 m 9,62 (før 9,78) og 900 Tyrvingpoeng. Ny PR og klubbrekord J10 på 60 m hekk (68,0) med tida 11,88 og 946 Tyrvingpoeng. 

To jenter i aldersklassen J11 har svært god dreis på 2 kg kula: Pia Flatjord Tofteland fekk opp 7,19 m som er ny PR og 903 Tyrvingpoeng. Frøya Bernseter Keilen følgde opp med ny PR 7,08 m og 896 Tyrvingpoeng.  

Anne Stave (J13) hadde eit tresteghopp med ny PR 9,01 m. Ida Rebbestad Schjetne (J13) fekk opp 8,83 m og ny PR med 2 kg kula.

Thea Nilsen (J15) sette ny PR 30,80 m (før 29,45 m) med 500 gr spydet. Akkurat no er no nr 10 i Norge med 500 gr spydet J15.

Det var flott innsats og gode resultat frå resten av gruppa. Nokre av utøvarane sette personleg rekord i alle øvingane dei deltok i.

Akslaleikane/KM vart arrangert av Ålesund Friidrettsklubb på Aksla stadion søndag 13. september. Det var til tider flott ver med solskin og fin temperatur.

 

14.09.2020
- olve.oyehaug

Treningsstemne 15. september 2020 på Ørsta stadion. Tidsskjema og deltakarlister er no klare.

Trykk på linkane under:

Tidsskjema treningsstemne

Startliste

Klubbliste

Antal pr klasse

Utøvarar møter seinast kl 1730.

Funksjonærar seinast kl 1700

Publikum må registrere seg ved frammøte.

14.09.2020
- olve.oyehaug

Kalender

Mai
MTOTFLS
293012345
6789101112
13141516171819
20212223242526
272829303112

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket