Nyheter

Maria Mjelva Straume (J15) tok sølv på 800 meter på sitt første UM med gode 2,20,87 og 964 Tyrvingpoeng. Sølvmedalje på 800 m er lik eit nasjonalt gjennombrot på mellomdistanse. Tida er også klubbens 3. raskaste 800 m for kvinner gjennom alle tider og ny klubbrekord på 800 m J15. Den gamle J15 rekorden på 800 m var 2,22,31 frå 2003. 

Thea Nilsen (J15) tok 7. plass i diskos 0,75 kg med 27,70 meter og 7. plass i spyd 500 gr. med 29,26 meter. To finaleplasseringar i meisterskapsdebuten er ein flott prestasjon. Begge resultata er tett opp mot personleg rekord. 

Sprint i aldersklassen G17 i Norge held eit høgt nivå i år. Her er det mange som spring veldig fort og Johannes Eiksund er ein av dei. Han tok seg nesten til finale på 100 m. Litt motvind og 11,58 sek på 100 gav 9. plass og 986 Tyrvingpoeng. Han sprang 200 meter på 23,46. Det er raskare enn personleg rekord (23,50). Men med medvind på 2,2 m/s så vart ikkje resultatet godkjent som ny personleg rekord. Johannes har igjen vist at han held høgt nasjonalt nivå.

UM (Ungdomsmeisterskap) er norgesmeisterskap i friidrett for ungdom i alderen 15 år og eldre. UM vart arrangert på Jessheim 28.-30. august. Mange deltakarar frå Møre og Romsdal deltok. I år var arrangementet avgrensa til aldersklassane 15-17 år p.g.a. koronapandemien. 

Samtidig som UM pågjekk deltok Elias Hovden Nilsen på Bøkeskoglekene i Larvik. Der sette han ny personleg rekod i spyd  med 64,06 meter (før 63,51 m) og ny klubbrekord menn junior og menn senior. 1020 Tyrvingpoeng vart det også med heim.

 

30.08.2020
- olve.oyehaug

Over 90 utøvarar stilte til start på årets Ørstaleikar på Ørsta stadion 22. august. Utøvarane var i alderen 8-17 år. Det var stor idrettsglede trass noko regn. Det har vore få stemne denne sesongen og utøvarane sette stor pris på å kunne få konkurrere igjen. 

Dei argaste resultata på stemnet var:

Leif Magnus Grov Husevåg (G15), IL Brodd, kasta slegga 55,80 meter og fekk 1058 poeng på Tyrvingtabellen. 

Lovise Skarbøvik Andresen (J16), Ålesund FIK, sprang 100 meter på 12,56 sek og fekk 1030 poeng.

Mathea Svalheim (J13), Sandane Turn og Idrettslag, sprang 60 meter hekk på 9,97 sek og fekk 1024 poeng. 

Ruben Aleksander Eide Gjerde (G15), Olden IL, sprang 100 meter på 11,84 sek, og fekk 1018 poeng. 

Sondre Johannes Espelid (G17), Dimna IL, sprang 100 m på 11,51 sek og fekk 998 poeng.

Resultat som gir over 1000 poeng på Tyrving tabellen er resultat på nasjonalt toppnivå.

P.g.a. koronapandemien var stemnet redusert både med varigheit, tal på øvingar og aldersgrupper. Stemnet vart arrangert i tråd med gjeldande smittevernsreglar. Mellom anna vart stemnet delt i to der dei yngste var i første pulje, og dei eldre i neste pulje.

Trykk her for resultatliste Ørstaleikane 2020

Det kjem omtalar i Møre og Møre Nytt.

22.08.2020
- olve.oyehaug

Ørsta IL friidrett arrangerte treningsstemne i tresteg tysdag 18. august. Filip Hoggen (G16) sette ny pers med 10,93 m. Elise Aarflot stilte i klassen J15 og sette ny pers med 8,82 m.

18.08.2020
- olve.oyehaug

Elias Hovden Nilsen tok sølvmedalje i klassen U20 Menn Spyd med 62,39 meter i junior NM i Kristiansand. Det var spenning heilt til siste kast. Elias hadde leiinga etter fem omgangar men vart passert av Daniel Thrana frå Kristiansands IF i sjette og siste omgang. Det var tett i toppen med fire utøvarar som kasta over 60 meter. No har Elias både sølv og gull (i fjor) frå junior NM i friidrett. 

Andrine Hjellen Haugland gjentok suksessen frå i for og tok sitt andre sølv i spyd i junior NM. Det vart tøff kamp om andreplassen i klassen U23 Kvinner Spyd. Allereie etter første omgang låg Andrine på andreplass, men auka solid i siste kast då ho fekk opp 41,05 meter og sikra sølvet.

Anna Hjellen Haugland er Ørsta IL friidrett sitt store sleggetalent. Ho kasta slegga 42,37 meter, berre ein meter bak personleg rekord. Med det kastet sikra ho seg 4. plass i klassen U20 Kvinner Slegge.

Ørsta IL friidrett har no ei solid kastgruppe der tre av utøvarane hevdar seg i toppen på nasjonalt juniornivå. Klubben er godt nøgde med resultata av den målretta satsinga på kast.  

Junior NM vart arrangert i Kristiansand i helga 14.-16. august i tråd med gjeldande smitteversnreglar. 

 

16.08.2020
- olve.oyehaug

Friidrettstreningane på Ørsta stadion for dei som er 8 år og eldre startar opp att ved skulestart. Dei ulike gruppene har treningar på ulike dagar:

Rekruttar 8-9 år (2011 og 2012-modellar): Tysdag kl 18-19.

10-12 år (2008 og 2010-modellar): Tysdag kl 18-19.

13 år og eldre: Måndag kl 17 og torsdag kl 18.

Vel møtt til nye og gamle utøvarar.

Vi følgjer smittevernsreglane i samband med koronanoandemien. Derfor er treningane og øvingsutval på treningane noko avgrensa samanlikna med normalen.

Vi deler inn i grupper på 20 eller færre. Foreldre med i det talet på 20. Dersom mange foreldre ønsker å følge rekruttane kan det derfor vere at det kun er plass til foreldre som hjelper til under treningane. I så fall må andre vere på tribunen eller utanfor stadion.

13.08.2020
- olve.oyehaug

Kalender

Mai
MTOTFLS
293012345
6789101112
13141516171819
20212223242526
272829303112

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket