Klubbutvikling i friidrettsgruppa

Ørsta IL friidrett samla 15 engasjerte foreldre til klubbutvikling måndag 12. oktober. Målet med kvelden var å gjere klubben endå betre rusta for framtida.

2015-10-16
olve.oyehaug

Norges friidrettsforbund har lagt merke til den store aktiviteten og den positive utviklinga i Ørsta IL friidrett. Friidrettsforbundet har eit program for å utvikle klubbar vidare. Dei siste åra har dei handplukka 50-60 klubbar med stort potensiale til å vere med på eit struktuert opplegg for å utvikle klubbane vidare.

Henrik Carstens frå Norges Friidrettsforbund leia første møte i klubbutviklinga. Dagleg leiar i Møre og Romsdal friidrettskrets Bente Krakeli var og med på møtet. Målet med kvelden var å plukke ut nokre få konkrete oppgåver som klubben skal arbeide med, og å setje dato for når oppgåvene skal vere ferdig utført, og ansvarleg person eller gruppe på kvar av oppgåvene. Til våren skal det vere eit oppfølgingsmøte for i sikre at ein har gjennomført det ein skulle, og for å sjå på vidare tiltak.

Det var stor semje i gruppa om kva ein skal fokusere på. Ein plukka ut fire hovudoppgåver:

  • Kartlegge og beskrive alle oppgåvene som vert utført i klubben. Fordele oppgåvene på fleire enn dei som gjer det aller meste i dag.
  • Utdanne fleire trenarar
  • Lage eit individuelt tilpassa opplegg for dei som er i alderen 13 år og eldre.
  • Fleire miljøtiltak som sosiale samlingar, turar og andre samlande arrangement.

Gruppa og Henrik Carstens sette dato for når dei ulike tiltaka skal vere i mål.

Det var ei engasjert foreldre- og trenargruppe som deltok på møtet, og som ønskjer å bidra vidare for å halde fram med den store aktiviteten og dei gode resultata i klubben.

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket