Ørsta IL friidrett stiller med 10 utøvarar på treningssamlinga for 12-14-åringar i Ulsteinhallen i helga 31/10-1/11.
Samlinga vert arrangert av Møre og Romsdal friidrettskrets, og samlar ungdom i alderen 12-14 år frå heile Møre og Romsdal. Kretsen stiller med dyktige og motiverande trenarar.
Denne samlinga markerer starten på vintersesongen. No vert det fokus på grunntrening, med spenst styrke og løp. I tillegg får ein trene litt ekstra på teknikk på desse samlingane. Slike samlingar er populære og vert arrangert fleire gongar gjennom vintersesongen. Det er som oftast rundt 30-50 ungdomar som deltek. Det sosiale er viktig med felles middag og samla overnatting.
Kalender
|