25 medaljar til Ørsta IL på innandørs KM

Luke Mellan Suarez Davidsen (G13) frå Ørsta IL friidrett vart trippel-krinsmeister i friidrett i øvingane kule, 60 m og 200 m på innandørs krinsmeisterskap i friidrett i Ulsteinhallen. Luke imponerte mest i kulestøyt med 9,03 meter og ny pers. 

2016-01-31
olve.oyehaug

(Fotoserie: Birger Nilsen - trykk på bilda for bildeserie)

Ørsta IL fekk 10 krinsmeistrar på stemnet.  Maria Sætre (J15) i stav og høgde, Elias Hovden Nilsen (G15) i stav og kule, Marie Steinnes (J12) i 60 meter hekk, Jakob Rudi Nordang (G13) i stav og Camilla Brekke Leikanger (J13) i høgde. Ørsta IL tok også åtte sølv og fem bronse. I mange av klassane var det høgt nivå og stor konkurranse om pallplass.  Dei andre medaljevinnarane frå Ørsta IL var: Maria Mjelva Straume (J11), Guro Øyehaug (J13), Åse Øyehaug (J15), Markus Myhre-Steinnes (G13).

Ørsta IL friidrett stilte med 23 utøvarar på innandørs krinsmeisterskap i friidrett i Ulsteinhallen og var med det den tredje største klubben på stemnet. Det var god deltaking frå heile fylket. Stemnet var kombinert med nasjonalt stemne, og det var også mange utøvarar frå Sogn og Fjordane.

Det er stor stas med gode resultat, men det som stod i fokus også på dette stemnet var idrettsgleda, og at friidretten er idretten for alle. Det var god innsats frå alle som deltok og det vart også sett mange personlege rekordar på stemnet.

Dimna IL viste igjen at dei kan arrangere stemne på høgt nivå.  På laurdagskvelden arrangerte dei også seniorstemnet Dimna Games, med mange imponerande resultat. 

Sjå bildeserie frå Dimna IL: http://galleries.ringstadfoto.no/Other/KM-2016-01-30/n-24dBVq/i-Rx7Lhxw

Resultatliste finn ein på www.dimna.no

Kalender

Juni
MTOTFLS
2627282930311
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30123456

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket