Kari tildelt utmerking frå Norges Friidrettsforbund

Kari Lundestad Myrold vart tildelt diplom frå Norges Friidrettsforbund for administrativ innsats under kretstinget til Norsk Friidrett Møre og Romsdal i helga.

2016-02-16
olve.oyehaug

Kari har i snart 20 år gjort ein enorm innsats for friidretten i Ørsta og i Møre og Romsdal. I mange år, både sommar og vinter, har ho trent sprintgruppa i Ørsta IL friidrett. Ho har og vore aktiv i styre i klubben og på kretsnivå. Takka vere Kari sin store innsats har klubben hatt fleire utøvarar heilt i landstoppen. Ho har motivert og inspirert svært mange utøvarar og andre trenarar, og ho motiverer og inspiserer vidare som aktiv trenar. Kari har sjølv vore aktiv friidrettsutøvar i Ørsta IL, og har framleis fleire klubbrekordar.

Kari%20diplom.jpg

Kari Lundestad Myrold vart tildelt diplom frå Norges Friidrettsforbund for administrativ teneste.

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket