Ørsta IL friidrett stiller med fire utøvarar på UM innandørs på Steinkjer 26.-28. februar. UM er Norgesmeisterskap i friidrett for ungdom. Det er mange år sidan Ørsta IL har hatt så stor tropp på UM.
Sprinteren Hannah Marie Skjeret skal delta i klassen J20-22 på 60 m og 200 m. Hannah har fleire pallplasseringar frå UM tidlegare. Klubben stiller med tre jenter i klassen J15. Det er første gong dei deltek på UM, og er naturleg nok spente. Allsidige Sigrid Vartdal har valt å satse på løp på UM og deltek på på 200 m. Hopptalentet Maria Sætre deltek i høgde og stav. Åse Øyehaug likar både hekk og hopp, og deltek på 60 m hekk og lengde.
Til hausten er planen å stille med ein endå større gjeng på utandørs UM. Då legg Ørsta IL opp til å ha med kastgruppa og.
Meir info om UM innandørs 2016 finn de på: http://steinkjerfik.no/?avdeling=um-2016
Kalender
|