Ørsta IL friidrett stilte med fire utøvarar på UM i friidrett på Steinkjer. UM er norgesmeisterskap for ungdom i alderen 15-22 år. Tre av utøvarane frå Ørsta var med på UM for første gong. Innsatsen og resultata stadfesta at dette er lovande utøvarar.
Maria Sætre (J15) tok 5. plass i høgdehopp. Ho hoppa leikande lett utan riv opp til og med 1,45 meter. Det var berre 9 cm opp til førsteplassen. Maria har trena allsidig i vinter. Med litt meir spissa trening kan Maria vere med å konkurrere om pallplass i høgde. Ho deltok og i stavhopp og hadde gode forsøk der.
Åse Øyehaug (J15) sette pers på 60 meter hekk med 10,24 sek, og var berre 7 hundredelar frå finaleplass. Ho hoppa 4,39 meter i lengde, og var 9 cm frå finaleplass der. Ho fekk 10. plass i begge øvingane. Åse har mykje å gå på, så dette lovar godt for 2016-sesongen.
Sigrid Vartdal (J15) deltok på 200 meter. Ho sprang på 28,66 sek og tok 17. plass. Sigrid hadde eit veldig godt løp etter ein noko uheldig start. Ho fekk verkeleg opp farta og viste at ho om kort tid kan springe på 27-talet.
Rutinerte Hannah Marie Skjeret (J20-22) kom til finale på både 60 meter og 200 meter. På 60 meter tok ho 7. plass med tida 8,00 sek. Ho sprang 200 meter på 26,21, og tok 6. plass der. Med tanke på at Hannah ikkje har fått trent skikkeleg i det siste p.g.a. ein skade var dette svært gode resultat.
For dei tre yngste var målet først og fremst å få meisterskapserfaring. Ørsta IL er svært godt fornøgde med prestasjonane med tanke på at ein i hovudsak har trent grunntrening i heile vinter, med lite fokus på teknikk. Dette er den største troppen frå Ørsta IL på UM på snart 10 år, så deltakinga lovar godt for friidretten i Ørsta. Komande helg skal Hannah delta på NM i friidrett innandørs. Dei yngre reiser på innandørsstemnet Bamseleikane på Stange helga etter.
Kalender
|