Hannah sette årsbeste på NM innandørs

Hannah Marie Skjeret sette eigen årsbeste på både 60 meter og 200 meter på innandørs NM i friidrett Bærum Idrettspark. Ho sprang 60 meter på 7,92 sek og 200 meter på 25,94 sek. 

2016-03-05
olve.oyehaug

- Eg var ikkje heilt fornøgd med tidene, men fekk heldigvis stor forbetring frå førre helg på UM i Steinkjer, både med tanke på det tekniske og tidene. Eg hadde mykje betre startar på både 60 og 200 og vann mykje på det, men eg må trene meir for å kunne halde farta heile vegen i løpa. Så no er eg på rett veg, seier Hannah Marie Skjeret.

Det er mange år sidan Ørsta IL friidrett har hatt deltakarar i NM. Dette er det første senior-NM Hannah deltek på. Ho var raskast i sitt heat på 200 meter, og tok tredjeplass i heatet sitt på 60 meter etter ein imponerande start. Sjølv om Hannah sprang godt så kvalifiserte tidene ikkje til finaleplass. Dei gode resultata så tidleg på året frå Hannah lovar godt for 2016-sesongen.

HannahNM2016.jpg

Hannah Marie Skjeret sette eigen årsbeste på NM i friidrett innandørs. Foto: Trine Sørheim Skjeret.

Kalender

April
MTOTFLS
31123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
2829301234

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket