Treningsstemne i Ørstahallen med mange persar!

Ørsta IL friidrett arrangerte treningsstemne i Ørstahallen i dag onsdag 9. mars. Øvingane var lengde utan tilløp, høgde utan tilløp og kule. Den gode treningsviljen gjennom vinteren har gitt resultat. 

Trykk les mer for resultat og meir info.

2016-03-09
olve.oyehaug

Trykk her for resultatliste.

Kasttrenar Svein-Egil Johannessen oppsummerte stemnet slik:

"Det vart eit strålande stemne i kveld med mange, mange gode resultat. Særleg i kule var det vel berre pers.rek. og årsbestenoteringar. Det var også god "sving" i lengde utan tilløp. Andrine varta opp med to pers.rek i kveld. Først ein kjempepers i kule 3 kg med 9,76 m (9,18 m ) og så 2,30 m (2,27) i lengde utan tilløp. Luke satte ein solid pers.rek. i kule 3 kg med 9,30 m (9,03m). Kuleresultatet hans er akkurat no Norges 6. lengste i G13! Så vart det også ein flott ny pers.rek i lengde utan tilløp med 2,15 m. Veldig kjekt at Jakob klarte 2,10 m i lengde utan tilløp, og med det, ein meget solid pers.rek. 
Trening nyttar! Det er berre å jobbe på!

Og så langt eg kan sjå, så satte Andrine også ny innandørs klubb/aldersrekord J17 i kule 3 kg med sine 9,76 m. Stemnets beste resultat hadde Marie (J12) som hoppa 2,03 m i lengde utan tilløp - 838 Tyrvingpoeng."

 

Kalender

Juni
MTOTFLS
2627282930311
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30123456

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket