Elias Hovden Nilsen (G15) tok 3. plass i kulestøyt med resultatet 10,80 meter, og Åse Øyehaug tok 3. plass i lengde med 4,75 meter på Bamseleikane. Begge resultata er solide personlege rekordar.
Med resultatet 10,80 meter er Elias kretsens suverent beste 15-åring i kule 4 kg, og er akkurat no landets åttande beste kulestøytar G15 innandørs. Åse viste at ho no hevdar seg blant dei beste i si aldersklasse i lengde. Begge to sette persar i alle øvingane dei deltok i. Allsidige Sigrid Vartdal (J15) imponerte stort med gode resultat og nye persar på 60 meter, 200 meter og kulestøyt. Ho var den i klubben som fekk høgst poengsum på Tyrvingtabellen. Sigrid har mykje å gå på, så det vert spennande å følgje henne når utesesongen startar.
I klassen J13 stilte Ørsta IL med både Camilla Brekke Leikanger og Guro Øyehaug. Camilla sprang eit av sine beste 60 meterløp, og hadde og ein god 200 meter. Guro viste at ho kan hevde seg heilt i toppen i lengdehopp, og tok ein god 8. plass av 59 utøvarar.
Ørsta hadde med fem utøvarar i alderen 10-11 år. Linus Raisio, Elise Aarflot, Mari Øyehaug, Ingrid Vassli Hansen og Thea Nilsen sette persar i nesten alt dei deltok i. Dei deltok i alle øvingane for den aldersgruppa og fekk dermed den gjeve samlepremien som er stor bamse. Dei fire jentene Elise, Mari, Ingrid og Thea sprang ein god 4x100 meter stafett.
Ørsta IL friidrett stilte med til saman 10 utøvarar og eit godt støtteapparat på Bamseleikane. Bamseleikane vart arrangert for 20. gong, og er med over 700 deltakarar det største innandørsstemnet i landet. I fleire aldersklassar er det 50-60 deltakarar. Bamseleikane vert arrangert på Stange i Hedmark.
Kalender
|