Klubbutvikling - del 2 - onsdag 20. april på klubbhuset.

Vi inviterer til oppfølgingsmøte for Klubbutvikling i Ørsta IL friidrett.
Tid og stad: Onsdag 20. april kl 18-20 på Ørsta IL klubbhus. Det kan vere at vi kan halde fram litt lenger enn kl 20 dersom det er ønskje om det. (Trykk "Les mer" for meir info.)
2016-03-24
olve.oyehaug
Utsesesongen for friidrett startar i april. Dette møtet vert ei viktig samling for å gjere klubben klar for friidrettsaktiviteten i Ørsta i 2016.
 
Målet med klubbutvikling er å gjere klubben meir robust og klar for framtida, slik at vi kan halde fram med den positive utviklinga og store friidrettsaktiviteten i Ørsta.
 
Vi vonar at alle som var på sist møte også kjem denne gongen. Vi vonar og at mange fleire kjem på møtet.
 
Både kurshaldar og kretsleiar har fleire gongar framheva kor imponerte dei var over frammøtet og engasjementet i foreldregruppa på førre møte.
 
Det vert sendt ut oppdatert informasjon før møtet.

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket