Onsdag 20. april: Klubbutvikling på Ørsta IL klubbhus
Laurdag 23. april: Barnetrenarkurs på Ørsta IL klubbhus
Tysdag 26. april: Gateløp kl 1800 (frammøte og påmelding 1700-1745) ved oppsida av Ørsta ungdomsskule (for alle aldersgrupper)
Vi minner om viktige friidrettsarrangement i Ørsta IL april
Klubbutvikling
Vi inviterer til oppfølgingsmøte for Klubbutvikling i Ørsta IL friidrett.
Tid og stad: Onsdag 20. april kl 18-20 på Ørsta IL klubbhus. Det kan vere at vi kan halde fram litt lenger enn kl 20 dersom det er ønskje om det. Utsesesongen for friidrett startar i april. Dette møtet vert ei viktig samling for å gjere klubben klar for friidrettsaktiviteten i Ørsta i 2016.
Målet med klubbutvikling er å gjere klubben meir robust og klar for framtida, slik at vi kan halde fram med den positive utviklinga og store friidrettsaktiviteten i Ørsta.
Vi vonar at alle som var på sist møte også kjem denne gongen. Vi vonar og at mange fleire kjem på møtet.
Både kurshaldar og kretsleiar har fleire gongar framheva kor imponerte dei var over frammøtet og engasjementet i foreldregruppa på førre møte.
Barnetrenarkurs (aktivitetsleiarkurs) laurdag 23. april på Ørsta IL klubbhus
Vi inviterer til inspirerande barnetrenarkurs (aktivitetsleiarkurs) laurdag 23. april på Ørsta IL klubbhus. Her lærer du det meste om korleis motivere for friidrett i alderen 3-12 år. Vi vonar det vert stor deltaking frå foreldre.
Innbydelse trenerkurs Ørsta.pdf
Gateløpet har blitt meir og meir populært. I fjor var vi rundt 100 deltakarar på løpet. Vi vonar det vert like god deltaking i år. Gateløpet er for dei som er ca 4 år og eldre. Dette er startskotet for friidrettssesongen for dei yngste. Nye medlemer er hjarteleg velkomne.
Kalender
|