Første stemne i cupen: Gateløp ved Ørsta ungdomsskule tysdag 26. april

Ørsta IL friidrett har no starta utesesongen etter ein god vinter med inne- og utetreningar. Første stemne er rekrutteringscup nr. 1 med gateløp tysdag 26. april. I fjor var det rekordframmøte på gateløpet med nesten 100 deltakarar.

2016-04-22
olve.oyehaug

 

I år er det 25. gong friidrettscupen blir arrangert. Cupen består av seks stemne der dei aller minste også får delta. Cupen har samla godt over 100 deltakarar dei siste åra.  I år vert dei tre store stemna til Ørsta IL friidrett del av friidrettscupen. Utøvarane får dermed ekstra motivasjon til å delta på store stemne. Dei store stemna er Ørstastafetten og Sparebank1-leikane i mai og Ørstaleikane i august.

Ørsta IL friidrett er ei aktiv gruppe med fleire treningar i veka, og arrangerer 10-15 stemne kvart år. Dei tre siste åra har det vore største deltaking på Ørstaleikane sidan tidleg på 90-talet. På enkelte treningar i fjor var det 80-90 utøvarar.

Ørsta IL friidrett ønskjer gamle og nye utøvarar velkomne til ein ny sesong med mykje aktivitet og med gode og motiverte trenarar.

Løyper
3-6 år: Ca 150 meter, på asfalt
7-9 år: Ca 350 meter på asfalt og gras
10-12 år: Ca 550 meter på asfalt og grus
13 år og eldre: Ca 800 meter på asfalt, grus og gras.

Påmelding kl 17.15-17.45 tysdag 26. april på oppsida av Ørsta ungdomsskule.

Påmeldingsavgift kr 50,-

Dette er første av seks stemne i rekrutteringscupen.

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket