Heile 99 utøvarar deltok på gateløpet som Ørsta IL friidrett arrangerte tysdag 26. april. I dette løpet fekk også dei aller yngste vere med. Det var med løparar heilt ned i toårsalderen. Flott ver og rekorddeltaking skapte svært god stemning på stemnet.
Nesten 100 deltakarar gjer seg klare til gateløp.
Dette er største deltaking på gateløpet på svært mange år, truleg største deltaking på gateløp i regi av Ørsta IL friidrett nokon gong. Det var i fjor 94 påmelde, og friidrettsgruppa trudde den rekorden skulle verte vanskeleg å slå. Gruppa er svært godt nøgd med frammøtet og dei gode resultata. Størst deltaking var det i dei yngste klassane, med 33 deltakarar i alderen 6 år og yngre.
Dei aller yngste sprang rundt 200 meter. Aldersgruppa 7-9 år sprang ei variert løype på rundt 350 meter. 10-12 årsgruppa sprang rundt 550 meter. Sarah Moussa hadde beste tid i den løypa med 1 min 53 sek. Gruppa på 13 år og eldre sprang rundt 850 meter. Elias Hovden Nilsen hadde den beste tida der med 2 min 32 sek. Løypene var varierte med underlag av asfalt, grus og gras.
Ei gruppe av 6-åringane er klare til start.
Kalender
|