Vi gjer friidrettsstadion klar til storinnrykk av nye og gamle friidrettsutøvarar. Måndag 2. mai kl 18-19 er det dugnad for friidrett på Ørsta stadion.
Tysdag 3. mai kl 18-19 er det første friidrettstrening for rekruttane, 2007-modellar og yngre.
Dugnaden
Oppgåver på dugnaden: Hente ut høgdehoppmatte, henge opp netting i kastbur, rake/reinske kulesektor, spa grundig opp hoppegropene, rydde og koste og litt anna arbeid.
Vi reknar med at alle friidrettsforeldre stiller og hjelper til. Då blir det ein rask og effektiv dugnad.
For dei som har: Ta med rake, trillebår, spade og anna verkty de trur kan kome til nytte.
Friidrettstrening
Tysdag 3. mai kl 18-19 er det første friidrettstrening for rekruttane, 2007-modellar og yngre. Vi ønskjer gamle og nye hjarteleg velkomne.
Kalender
|