Det var med 50 lag på TINEstafetten i Ørsta. Det vart sett to lokale rekordar på TINEstafetten, og tre nest-raskaste tider gjennom tidene lokalt.
Her er resultatliste: Tinestafetten 2016 resultat.pdf
Trykk "Les mer" for meir info.
Det var stort frammøte på Ørsta stadion i det fine veret, og friidrettsgruppa estimerte at det var rundt 1000 menneske på stadion på stemnet.
6. klasse
Velle skule lag 6-1, startnr 2011, sprang på 4.24.32. Det er nest raskaste registrerte tid på TINEstafetten i Ørsta for 6. klasse. Raskaste tid har Velle skule frå 2015 med tida 4.22.08.
7. klasse
Velle skule lag 7-1, startnr 2006, sprang på 4.14.48. Det er nest raskaste registrerte tid på TINEstafetten i Ørsta for 7. klasse. Raskaste tid har Velle skule frå 2014 med tida 4.12.15.
Opa klasse barneskulen
Dalane skule sprang på 4.29.50. Dette er ny rekord for denne klassen på TINEstafetten i Ørsta. Raskaste tid tidlegare hadde Mork med tida 4.33.23 frå 2015.
8. klasse
Volda ungdomsskule lag 8-1, startnr 2035, sprang på 4.01.18.
Dette er ny rekord for denne klassen på TINEstafetten i Ørsta. Raskaste tid tidlegare hadde Volda ungdomsskule med tida 4.05.15 frå 2015.
9. klasse
Volda ungdomsskule lag 9-2, startnr 2039, sprang på 3.55.94.
Dette er nest raskaste tid i denne klassen på TINEstafetten i Ørsta. Raskaste tid har Volda ungdomsskule frå 2005 med tida 3.55.70.
Open klasse ungdomsskulen
Sæbø ungdomsskule, startnr 2032, sprang på 4.45.24.
Beste heiagjeng hadde Volda ungdomsskule klasse 8B.
Teknisk arrangør var Ørsta IL friidrett.
Kalender
|