Det var 29 påmelde lag på den 47. Ørstastafetten laurdag 14. mai. Det var gjestande lag frå Bergsøy, Dimna og Valder. Flest lag var det frå Ørsta IL som hadde 16 lag.
Dei yngste utøvarane, i alderen 10 år og yngre, sprang 4x100 meter. Der var svært god innsats frå alle som var med. Det var utøvarar heilt ned i 5-årsalderen som deltok. Sjølv om idrettsgleda står i hovudsetet er det svært positivt å sjå at det kryr av løpstalent i alle klubbane som deltok. Det lovar godt for framtida til friidretten på søre Sunnmøre.
Aldersgruppa 11 år og eldre sprang 1000 meter stafett. Den stafetten er samansett av etappane 100 m, 200 m, 300 og 400 m. Vinnar av klassen G11-14 år var Dimna sitt lag med Marius Anderson, Balder Kvalsund Mork, Kent Breivik og Jonas Ose, med den gode tida 2.45.87. Med tanke på at dette var eit svært ungt lag med samla alder berre 46 år er tida svært god. IL Valder tok både 2. og 3. plass. Ørsta tok 4. plass.
Vinnar av kalssen J11-14 var Dimna IL med laget Birte Skeide Sætre, Malin Kristin, Strandebø, Andrea Skaar Berg og Anna Kleven med tida 2.55.05. Berre ein hundredel bak dette var eit anna lag frå Dimna med løparane Vilde Garshol, Malene Skaar Berg, Emilie Bjørndal Hasund og Camilla Svoren. Ørsta sitt lag med Maren Lillevik, Malin Myklebust, Nathalie Vatne Aa og Marie Steinnes tok 3. plass rett bak laga frå Dimna.
Ørsta sitt unge lag i klassen damer senior imponerte. På det laget er tre av løparane berre 15 år. Maria Sætre, Sigrid Vartdal, Åse Øyehaug og Hannah Marie Skjeret sprang inn til gode 2.30.71, berre seks sekund bak banerekorden. Tre av fire av desse sprang distansar dei ikkje deltek i til vanleg.
Arrangørane Ørsta IL friidrett er godt nøgde med deltakinga og resultata.
Neste friidrettsstemne på Ørsta stadion er Sparebank1-leikane søndag 29. mai. Då ventar ein storinnrykk med rundt 200 utøvarar. Det stemnet har eit variert utval av øvingar i greinene løp, hopp og kast. Stemnet er for aldersgruppa 14 år og yngre.
Kalender
|