Ørsta IL friidrett inviterer til storstemne søndag 29. mai.
Trykk på linkane under
Listene er oppdaterte pr 27 .mai kl 23:54.
Finn du manglar/feil så ta kontakt med oss arrangørane snarast.
Trykk "Les mer" for meir info.
Trykk på link: Innbyding Sparebank1leikane 2016
Påmeldingsfrist var tysdag 24. mai.
Det er 146 påmelde fordelt på 457 startar.
Funksjonærliste (oppdatert fredag)
Har du problem med å lese innbydinga på linken på mobil så opne på PC/MAC/nettbrett.
Innbyding:
Sparebank 1 leikane 2016
(Stemne nr 3 i rekrutteringscupen til Ørsta IL)
Ørsta stadion, søndag 29. mai 2016
Vert tilskipa for 9. gong på Ørsta stadion søndag 29. mai 2016,
for aldersgruppa 6 – 14 år.
Stemnestart: Kl 13.00
Øvingar:
Jenter/gutar Rekruttar: 60 m, Lengde, Liten ball
Jenter/gutar 10-12 år: 60 m, 600 m, 60 m hekk, Lengde, Kule, Spyd
Jenter/gutar 13-14 år: 60 m, 600 m, 60 m hekk, Lengde, Kule, Spyd, Høgde, Tresteg
Rekruttane får 3 forsøk i hopp- og kastøvingar, medan 10 – 14 år får 4 forsøk.
Premiering: Medaljar til dei tre beste i kvar klasse eldre enn 10 år. Deltakarpremiar til rekruttar og 10-12 år.
Påmeldingsfrist: Tysdag 24. mai 2016
Påmelding: Online påmelding på www.minidrett.no eller www.sportsadmin.no
Ørsta IL friidrett sine utøvarar sender påmelding på epost til orstail.friidrett@gmail.com Maks 3 øvingar pr utøvar. Skriv fullt namn og fødselsdato.
Startkontigent: Rekruttar: Kr. 100,- for alle øvingane. 10 år kr. 75,- pr. dag (alle øvingane, maks 3 øvingar pr. dag for 10-åringane). 11 år og eldre: Kr. 100,- pr. start.
Dobbel startkontingent ved etterpåmelding. Startkontingent skal vere betalt før stemnet. Alle som er 13 eller eldre må ha betalt heilårslisens for å kunne delta.
Ørsta IL friidrett sine utøvarar betaler kr 50,- ved frammøte på stemnedagen. Dette beløpet er uavhengig av antal øvingar.
Bankkonto: 3992.40.11665
Kalender
|