Strålande innsats av Ørsta IL på DNB Akslaleikane

Dei tradisjonsrike Akslaleikane vart arrangert igjen laurdag 28. mai etter mange års pause. Det var rundt 150 deltakarar på stemnet. Ørsta IL friidrett stilte med åtte utøvarar. Alle leverte svært gode prestasjonar.

Trykk "Les mer" for meir info.

2016-05-28
olve.oyehaug

Akslaleikane2016.jpg

Kastgruppa frå Ørsta IL som deltok på DNB Akslaleikane: Elias Hovden Nilsen, Andrine Hjellen Haugland, Anna Hjellen Haugland og Sigrid Vartdal.

Elias Hovden Nilsen viste at han er i god form ved sesongstart. I kule persa han med 1,17 m og fekk 11,97 m. I spyd kasta han gode 47,95 m og forbetra pers med litt over 5 meter.
Andrine Hjellen Haugland sette solid pers og tok gull i spyd då ho kasta 39,34 m. Anna Hjellen Haugland kasta spydet 32,18 m og tok gull. Åse Øyehaug tok gull og tangerte pers i lengde med 4,76 m. Ho sette og pers på 80 m hk og var berre 10 hundredelar bak UM-kravet. Sigrid Vartdal tok gull på 100 m på 13,38 sek, sette ny pers, og er dermed kvalifisert for UM. Det løpet ga 923 poeng på Tyrving-tabellen. Maria Sætre deltok i lengde og hoppa fire gode og jamne hopp. Dei to yngste utøvarane frå Ørsta Mari og Ragne Øyehaug sette persar i fleire øvingar. 

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket