På rekrutteringscup nr 4, tysdag 14. juni, arrangerer vi friidrettens dag på Ørsta stadion for dei som er til og med 10 år i år.
Påmelding på Ørsta stadion frå kl 1715-1745. Påmeldingsavgift kr 50,-
Trykk "Les mer".
Det vert premieutdeling med flott medalje til alle som er 10 år og yngre.
Friidrettens dag er eit uhøgtidleg opplegg der borna får gå innom så mange stasjonar som dei klarer/vil mellom kl 18-19. Vi har ekstra fleksible reglar denne dagen. På kvar stasjon noterer vi resultata rett på startnr til utøvarane. Vi registrerer ikkje resultata på PC. Vi nyttar eigne stoppeklokker, måler lengder og høgde. Utøvarane får eitt forsøk på løp og kan velje mellom 1-3 forsøk på dei andre øvingane.
1. Sprint (40m)
2. Langt løp
3. Hekk
4. Lengde
5. Høgde
6. Kule
7. Liten ball
8. Slengball
9. Stigehopp
11 år og eldre:
Dei som er 11 år og eldre kan og delta på friidrettens dag, men øvingane etterpå er nok meir interessante for dei. Frå klokka 19.15 startar vi øvingane som er for 11 år og eldre:
Øvingar 11-12 år: 80 meter, tresteg, spyd
Øvingar 13 år og eldre: 80 meter, 300 meter, 800 meter, tresteg, spyd
Spyd:
G/J t.o.m 13 år 400 gr.
J14 -15 år. 500 gr.
KS. 600 gr.
G14 -15 år. 600 gr.
MS. 800 gr.
Dette vert sommaravslutning for friidretten for dei yngste. Vi startar opp att med treningane for dei yngste ved skulestart på hausten.
Stemnet var opphavleg sett opp den 7. juni, deretter flytta til 21. juni, men er flytta til 14. juni p.g.a. konflikt med andre arrangement.
Kalender
|