Framoleikane i Bergen vart ein suksess for Ørsta IL friidrett med fire gull og to bronse, nye klubbrekordar, fleire personlege rekordar og resultat som kvalifiserte til UM.
Trykk "Les mer".
Anna Hjellen Haugland var suveren i kastøvingane i klassen J14 på Framoleikane i Bergen. Anna vann spyd med lengstekast på 31,77 m. Ho vann 3 kg slegge med 28,51 m. Med dette resultatet kvalifiserte ho seg til neste års UM J15 i slegge og sette ny klubbrekord. Anna vann og 3 kg kule med 8,69 m, og sette samtidig personleg rekord.
Andrine Hjellen Haugland kasta 500 gr spydet 43,28 m og tok gull. Dette er ny pers. Det er ny klubbrekord i klassen J17. Det var Norges nest lengste spydkast J17 ved øvingsslutt. Kastet ga heile 1016 poeng på Tyrving-tabellen.
Åse Øyehaug tok bronse i både tresteg og 300 m hekk i klassen J15. I tresteg fekk ho pers med beste hopp på 10,00 meter. På 300 m hekk sprang ho på 51,92 og kvalifiserte seg til årets UM på den distansen. Ho sette og klubbrekord på 300 m hk i J15.
Mari Øyehaug deltok i fleire øvingar i klassen J10 og sette pers på 60 meter.
Framoleikane vert arrangert på Fana stadion i Bergen og er eit av dei største friidrettsstemna i landet. Det bruker å vere rundt 2500 startar på stemnet.
I helga var det og banestemne i Måndalen. Ørsta IL friidrett stilte med to utøvarar der. Elias Hovden Nilsen (G15) kasta gode 47,84 m i spyd, 600 gr. Han debuterte på 1500 m og kom inn på 5,11,03 etter ei god opphenting på sisterunden. Thea Nilsen (J11) sette to nye personlege rekordar på 60 m og i lengde.
No gjer dei eldste utøvarane seg klare til store stemne som Tyrvingleikane og Veidekkeleikane dei komande helgane.
Anna Hjellen Haugland (J14) vann gull i spyd, slegge og kule på Framoleikane.
Andrine Hjellen Haugland (J17) tok gull i spyd med 43,28 m og heile 1016 poeng på Tyrving-tabellen.
Åse Øyehaug (J15) tok bronse i tresteg og på 300 m hekk.

Kalender
|