Meld deg på friidrettsskulen Idrettsleikar 15. august - onsdag 17. august

Ørsta IL friidrett arrangerer  idrettsleikar på Ørsta stadion måndag 15. august - onsdag 17. august 2016.

Trykk "Les mer".

2016-06-07
olve.oyehaug

Idrettsleikar er eit lokalt tilbod til born i alderen 6-12 år som går over tre dagar i sommarferien. På Idrettsleikar skal born få trene basisferdigheiter og prøve friidrett på ein spennande og utviklande måte prega av leik og glede. 

Idrettsleikar er i regi av Norges Friidrettsforbund. Alle friidrettsklubbar har fått tilbod om å arrangere Idrettsleikar. 

Kva: Spennande dagar i sommarferien der born møtast til gode aktivitetstilbod på dagtid. 

Alder: 6-12 år

Varigheit: 3 dagar

Når: Måndag 15. august - onsdag 17. august, klokka 9-15.

Påmeldingsfrist: 23. juli

Pris: Kr 750,-

Deltakargåve: T-skjorte

Antal: 60 deltakarar

Påmelding på: http://www.deltager.no/Idrettsleker/orsta_idrettsleikar2016

Meld deg på allereie no, det er avgrensa med plassar. Det vert truleg stor rift om plassane også i år. Dei siste åra har det vore ventelister.

Innhald

Deltakarane vil få introduksjon til m.a. forskjellige friidrettsøvingar. Det vil bli innslag av løp, hopp, kast, samt leik for utvikling av balanse og motorikk i tillegg til ballspel og øvrige aktivitetar. Kyndige og engasjerte idrettsleiarar, ungdom som sjølve er aktive utøvarar i friidrettsgruppa, vil tilrettelegge og hjelpe borna på deira eigne premissar.  

Bli med!

La barnet ditt få ei aktiv og sosial ferietid fylt med fysisk leik tilpassa alle nivå.

 

Ørsta IL friidrett har sidan 2013 arrangert friidrettsskulen Idrettsleikar veka før skulestart. Målet er å arrangere dette kvart år. Friidrettsskulen er for barn i alderen 6-12 år. Det har vore fullteikna kvart år, med rundt 60 deltakarar kvart år.

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket