Elias Hovden Nilsen tok tredjeplass i spyd på Tyrvingleikane med ny pers og ny klubbrekord i klassen G15 med 48,52 m (930 Tyrving-poeng).
Elias klemte til og hadde sitt beste kast allereie i første omgang. Elias har trent målretta heile vinteren gjennom og er svært fornøgd med både resultatet og plasseringa. Hannah Marie Skjeret sesongdebuterte fredag på 200 m med tida 26,40 sekund. Søndag sprang ho 100 m på 12,80 sekund. Dette er Hannah Marie sin første sesong i seniorklassen.
Hannah Marie Skjeret og Elias Hovden Nilsen på Tyrvingleikane 2016.
Oslo Sportslager Tyrvinglekene er Norges desidert største friidrettsarrangement, med meir enn 1 700 utøvarar og 5 000 individuelle startar. Stemnet vert arrangert på Nadderud Stadion som ligg på Bekkestua i Bærum, 10 km vest for Oslo. Dei 67. Tyrvinglekene vert arrangert 10.-12. juni 2016.
Kalender
|