Elias Hovden Nilsen stadfesta på Veidekkeleikane på Lillehammer at han er i landstoppen i spyd i klassen G15. For andre gang i år kasta han over 50 meter og tok igjen 3. plass i eit nasjonalt stemne. Han hadde ein serie på seks gode kast.
Allsidige Elias gjorde det godt i kule med støyt på over 11 meter. Han kvalifiserte seg til UM med diskoskast på 33,93 m. Han tok og sølv i stavhopp.
Sigrid Vartdal (J15) har hatt imponerande framgang dei siste månadene. Ho fekk det ein kan seie å vere eit nasjonalt gjennombrot på 200 meter med den sterke tida 26,86 og tok 6. plass der og sette ny personleg rekord. Resultatet gav heile 971 poeng på Tyrving-tabellen.
-Eg hadde som mål å kome under 28 sekund på 200 meter. Eg hadde ikkje venta å kome under 27, sa ei svært fornøgd Sigrid etter løpet.
Ho vann B-finale på 100 meter i J15. Ho sette samtidig ny pers med tida 13,30 på den distansen.
Åse Øyehaug (J15) sprang på gode 13,44 på 80 meter hekk, og kvalifiserte seg dermed til si tredje øving i UM. Ho tok og pers på 100 meter med 13,95 og tok seg til B-finalen.
Hannah Marie Skjeret konkurrerer no i klassen kvinner senior og spring dermed mot dei beste kvinnesprintarane i landet. Ho stadfesta på stemnet at ho har stigande form og sprang inn til årsbeste på både 100 m med 12,62 og 200 m med 26,35.
Maria Sætre hoppa lengde i klassen J15 og var nær ved å setje ny pers der. Håvard Sætre (G12) likar å springe langt og leverte ein god 600 m.
Sarah Moussa (J12), Thea Nilsen (J11), Mari Øyehaug (J10) og Nora Vartdal (J10) sette mange personlege rekordar på stemnet. Nora Vartdal som er 8 år stilte i 10-årsklassen og imponerte stort.
Veidekkeleikane vert arrangert på Stampesletta på Lillehammer og er eit av dei største friidrettsstemna i landet.
Elias Hovden Nilsen imponerte igjen og tok 3. plass i spyd på Veidekkeleikane.
Sigrid Vartdal fekk eit nasjonalt gjennombrot på 200 meter med tida 26,86 sekund, 6. plass og heile 971 Tyrvingpoeng.
Ørsta IL friidrett stilte med 10 utøvarar på Veidekkeleikane.
Framme f.v.: Thea Nilsen, Nora Vartdal, Mari Øyehaug, Håvard Sætre, Sarah Moussa.
Bak f.v.: Åse Øyehaug, Hannah Marie Skjeret, Sigrid Vartdal, Maria Sætre, Elias Hovden Nilsen.
Kalender
|