7 medaljar til Johannes, Jakob og Markus på Dimnaleikane

Det vart 13-årsgutta Johannes, Jakob og Markus sin store kveld på Høddvoll med personlege rekordar i samtlege øvingar og alle var på seierspallen fleire gongar! 

2016-06-22
olve.oyehaug

Dimnaleikane vart arrangert som kveldsstemne tysdag 21. juni. Dimna hadde klart flest deltakarar, og stilte med stor breidde i utøvarar, heilt frå rekruttar til utøvarar på høgt nasjonalt nivå. Ørsta IL friidrett stilte med ein god tropp på 12 utøvarar. Dei som sanka mest medaljar blant ørstingane var Johannes Eiksund, Jakob Rudi Nordang og Markus Myhre-Steinnes. Dei fekk til saman 7 medaljar. Desse tre gutane er blant dei som har hatt mest oppmøte på friidrettstreningane i Ørsta siste året, og fekk full utteljing for den gode treningsviljen.

G9: Oskar Mjelva Straume sette persar i 60 m og lengde.
J10. Tre nye persar til Mari: 60 m, lengde og liten ball 150 gr.  Elise Aarflot sprang ein god 600 m og var like ved pers i 60 m og lengde
J11. Ny pers til Maria Mjelva Straume på 60 m med 10,55, tredjeplass på 600 m med 2,10,76, og 3,22 m i lengde.
J12. Marie Steinnes vann lengde med 4,18 m, sølv og ny pers på 60 m med 9.08 og bronse og ny pers i liten ball 150 gr. med 31,37 m.
J14. Tredjeplass og ny pers på 200 m 28,92 til Hanna Hoggen Gjærset, og ein god fjerdeplass på 60 m med 8,97 s.
J15. Sigrid Vartdal vann 200 m på 27,70 og vart "stemnets Ørsting" med 906 Tyrvingpoeng. Sølv på 100 m 13,56 og sølv og ny pers i lengde 4,42 m. Åse Øyehaug sprang til sølv på 200 m og ny utandørs pers 29,53.
KS: Hannah Marie Skjeret var ikkje langt unna årsbeste på både 100 m og 200 m, i motvind.

Dimnaleikane2016_guttaboysPallen600.jpg

Jakob Rudi Nordang, Markus Myhre-Steinnes og Johannes fekk til saman sju medaljar på Dimnaleikane.

Kalender

November
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket