Svein-Egil Johannessen vert ny sportsleg leiar i Ørsta IL friidrett. Han har lang friidrettserfaring som utøvar, trenar, sportsleg leiar og meir frå andre klubbar. ØIL friidrett er priviligerte som får ein så erfaren, dyktig og motivert sportsleg leiar.
Svein-Egil har hatt ansvar for kastgruppa i Ørsta IL siste åra og har fått svært gode resultat og motivasjon blant utøvarane, og inspirert oss andre i gruppa til å stå på for friidretten i Ørsta. Han tek fatt på oppgåva som sportsleg leiar med det same og har allereie mange idear og planar knytt til oppgåva.
Kalender
|